"Mye mer enn Akersgata"

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

I artikkelen "Mye mer enn Akersgata. Norsk pressestruktur 1945-2009" gir Høst ein inngåande analyse av korleis avisbildet har endra og utvikla seg etter krigen. Av dei 228 avisene som kjem ut i dag, eksisterte berre litt over halvparten i 1952. Men den gong var det 227 aviser i landet, så dei mange som har lidd avisdøden, har blitt erstatta med nye. Høst skriv om A-pressa som reiste seg frå ruinane og om storavisene som berre voks i etterkrigstida. Suksessen til VG og Dagbladet er også ein viktig del av pressehistoria, men som tittelen seier, har det skjedd mye utanfor Akersgata også.

Nytt i Høst si forsking er at han synleggjer differensieringa mellom dei sentrale og dei meir perifere avismarknadane. I dag er det mykje merksemd omkring fallet i storavisene sine opplag, men at vi har fått ei heil rad med godt levedyktige nykommarar, blir det snakka mindre om.

8a9695920a5dae6324a4cc0330606f2ae4208e73

Framstillinga er basert på datamaterialet som Høst har arbeidd med å byggje opp sidan 1990 og omfattar alle avisene i Noreg. "Mye mer enn Akersgata. Norsk pressestruktur 1945-2009" er eit av dei mange forskingsbidraga til verket Norsk presses historie, som vert lansert i april i 2010.

Artikkelen er utgitt i Pressehistoriske skrifter nr. 12da50fbb5df4d7aa0a375c92dd3b50b58adc7877b. Meir om Norsk presses historie finn du på nettsidene til Universitetsforlagetda50fbb5df4d7aa0a375c92dd3b50b58adc7877b, Norsk Pressehistorisk Foreningda50fbb5df4d7aa0a375c92dd3b50b58adc7877b og journalisten.noda50fbb5df4d7aa0a375c92dd3b50b58adc7877b.

Medieforskar Sigurd Høst har dei siste åra vore tilsett i professor II-stilling ved Avdeling for mediefag. Han har opp gjennom åra publisert mykje om aviser (Bibsysda50fbb5df4d7aa0a375c92dd3b50b58adc7877b), og sidan 1996 har han gitt ut ein årleg rapport om avisåret. Rapportane om Avisåret 2007 og Avisåret 2008 er gitt ut av Høgskulen i Volda og er tilgjengelege i fulltekst.

Del på