Natur og eros

Tekst: Bente Gunn Lien

- Oppdatert

Knapt nokon europeisk diktar utanom Shakespeare er blitt så gjennomgranska som Goethe. Litteraturen om verka hans er svært omfattande. Sjølve diktinga er tilgjengeleg i ei mengd utgåver, i samling og i einskildverk. Påverknaden og arven etter han er verksam i tysk og europeisk åndsliv den dag i dag, 200 år etter at han levde.

Goethe er også blitt omsett og gjendikta til norsk. Dikt av Goethe på nynorsk vil ein finne hos forfattarar som Sigmund Skard, Åse-Marie Nesse og Hartvig Kiran, for å nemne nokre få.

I Natur og eros er dikta ordna tilnærma kronologisk, slik at Goethes utvikling som diktar og menneske kan bli lettare å følgje. Goethes dikt er i uvanleg stor grad ei atterspegling av hans indre biografi, konstituert av private opplevingar og av diktarens plass i den åndshistoriske og politiske utviklinga i Europa. Kvart dikt er difor forsynt med ei kort innleiing av bibliografisk, biografisk og tematisk karakter.

goethe-omslag

Dikta er i tillegg skipa parallelt, slik at lesaren kan jamføre den norske gjendiktinga med Goethes eigen tekst og på den måten aktivisere sin eigen poetiske og språklege sans. Vonleg kan denne boka stimulere interessa for Goethe og tysk språk og litteratur. Med boka følgjer ein CD der Jostein Fet les sine eigne gjendiktingar.

Torsdag 3. april kl. 19.00 vil Jostein Fet presentere boka si i Ivar Aasen-tunet. Han vil lese frå boka og snakke om utfordringar knytte til gjendikting.

Del på