Ni ledige stipendiatstillingar

Tekst: Per Straume

Har du mastergrad og kan tenke deg tre-fire år der du fordjupar deg innan fagfeltet du brenn for? Høgskulen i Volda har no ledig inntil ni stipendiatstillingar med søknadsfrist i februar og mars.

Tekst: Per Straume og Ingvild Myklebust Hovden

Det er stor spennvidde i fagområda Høgskulen i Volda ser etter nye stipendiatar til. 

Ei stipendiatstilling er ei mellombels tilsetting på fulltid i tre år. Etter avtale med avdelinga kan tilsettingsperioden vere fire år, der 25 prosent av stillinga blir nytta til undervisning eller andre faglege gjeremål ved Høgskulen. Stipendiatar får tenlege kontor og utstyr, og dei får tildelt årlege driftsmidlar etter gjeldande satsar.

Søknaden skal innehalde ei prosjektskisse for det forskingsarbeidet ein vil gjennomføre (ph.d.-avhandlinga).

Les meir om å vere stipendiat i Volda her.

Gode rammer

Pernille Fiskerstrand er førsteamanuensis ved Institutt for språk og litteratur ved Høgskulen i Volda. Frå august 2010 til desember 2015 var ho stipendiat ved Nynorsksenteret, som i dag er ein del av Høgskulen i Volda. Fiskerstrand disputerte ved Universitetet i Bergen med ei avhandling om tverrfagleg skriveopplæring på vidaregåande.

– Korleis var det å vere stipendiat ved Nynorsksenteret?

– Det å vere stipendiat på Nynorsksenteret var veldig fint. Det å ha noko av den beste nynorskkompetansen i landet rundt på nabokontora var ein stor bonus. I tillegg var det veldig nyttig å ha kollegaar som var engasjerte i det eg heldt på med, og som eg kunne diskutere idear og utfordringar med, seier Pernille Fiskerstrand.

Jobb og forsking hand i hand

Ho legg til at utfordringa med å vere stipendiat i Volda er at ein må vere budd på å reise ein del.

– Ein må rekne med å ha hovudrettleiar ved ein annan institusjon, og elles reise for å delta på kurs i opplæringsdelen. Men på den andre sida er det ikkje så dumt å måtte kople seg på eit større fagmiljø ved eit eksternt universitet, meiner ho. 

Fiskerstrand arbeidde 25 prosent ved Nynorsksenteret som ein del av stillinga då ho var stipendiat.

– På Nynorsksenteret fungerte dette veldig fint fordi arbeidsmengda er så oversikteleg og lett å planlegge. Dessutan var det av og til godt å kople om, og gjere noko anna. I tillegg kunne eg bruke teorien eg las og skreiv om, i foredrag for lærarar og liknande, fortel Fiskerstrand.    
 

Del på