- No skriv vi historia om den nynorske skriftkulturen

Tekst: Webmaster Volda

Stephen J. Walton, professor i nynorsk skriftkultur og leiar ved Ivar Aasen-instituttet, er strålande nøgd.
- Det vi har sakna så langt, er ei samlande framstilling av historia til den nynorske skriftkulturen, frå opphavet til i dag, seier Walton.

Tre doktorgrader vert til eit verk

- Det er svært viktig at dette prosjektet no vert gjennomført av tre framståande unge forskarar med ulik fagbakgrunn, kommentere professor Walton vidare.

1056090870

Jens Johan Hyvik (t. h.) frå Arendal står for den første perioden.  Han er historikar, og har nyleg gitt ut ei bok om Jacob Aall.  Den andre perioden er det tidlegare leiar i Noregs Mållag, nasjonalismeforskar og filolog Oddmund L. Hoel (nr. 2 frå v.) frå Trondheim som skal ta seg av.  Den som skal skrive om den nyaste perioden er Aase Norunn Digernes frå Hovdebygda.  Hovudoppgåva hennar om målreisinga i Baskarlandet vart nyleg gitt ut i skriftserien til Ivar Aasen-instituttet.

Det opne språket

Høgskulen i Volda ved Ivar Aasen-instituttet fekk tidlegare i år ei løyving til eit stort forskingsprosjekt med tittelen «Det opne språket».  Til saman utgjer løyvinga frå Noregs forskingsråd og den eigensfinansierte delen eit budsjett på heile kr 6,63 millionar fram til 2006.  Av dette står Forskingsrådet for knapt 60%.

Hovuddelen av prosjektet vil vere Norsk målreisings historie.  Målreisingshistoria er delt inn i tre bolkar, 1739-1885, 1885-1950 og 1950-2005.

Oppstart for målreisingshistoria er hausten 2003, og prosjektet skal avsluttast med brask og bram med ein konferanse hausten 2006 – i Finland.Ein viktig føresetnad for prosjektet er at tida no er inne for å sjå på norsk målreisingshistorie i eit internasjonalt perspektiv.Stipendiatane har planar om å opphalde seg i både Israel, USA og Aust-Timor under prosjektperioden, både for å oppdatere seg teoretisk, men også for å sjå korleis dei sosiale mekanismane som fødde den norske målreisinga i dag gjer seg gjeldande i heilt andre kontekstar.

I første omgang skriv dei tre stipendiatane kvart sitt doktorarbeid.Etterpå tek vi sikte på å kunne gi ut desse arbeida som eit samanhengande verk, seier professor Walton.

Meir informasjon:

Instituttleiar professor Stephen J. Walton | stephen.walton@hivolda.no

tlf 70 07 52 17 (a) 70 07 71 69 (h) 91 56 28 66 (m) 70 07 51 35 (f)

Konsulent Sylvi Gulla Hovdenakk | sgh@hivolda.no

tlf 70 07 50 15


 

Del på