Nøgd med Forskingsdagane 2014

Tekst: Geir Tangen

- Oppdatert

aac588f85aee356a406347316764bb64
For fleire bilde frå Forskingsdagane 2014, sjå Facebook-albummet til høgskulen.

Koordinator for Forskingsdagane 2014, Geir Tangen, er godt nøgd med årets arrangement. ef63bd75a429f9f702471f71beacba4c– Det har vore mange gode og varierte faglege foredrag og innlegg som har synleggjort den omfattande FoU-aktiviteten ved Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda. Totalt har det vore 1.250 deltakarar på dei ulike arrangementa, noko vi er godt nøgde med.  

Nye arrangementformer
programmet i år var det mellom anna jazzseminar, foredrag om selfies, samfunnshistorisk vandring, matkultur i Volda Bygdetun, framlegg frå masterstudentar og krisekommunikasjonsseminar. 
– I tillegg til tradisjonelle innslag under Forskingsdagane i Volda, prøvde vi i år også ut arrangementforma Pecha Kucha og vising av dokumentarfilm på Rokken. Dette har vi fått særs positive tilbakemeldingar på, og ein skal ikkje sjå vekk i frå at vi vil halde fram med dette neste år.

Takk!
Høgskulen i Volda har hatt eit godt samarbeid med mange ulike lokale og regionale lag og organisasjonar. Mellom anna Jazzklubben Volda Ørsta, Eldreuniversitetet, Kulturminnedagane 2014, Aasen-tunet og Runde Miljøsenter, for å nemne nokon.
– Tusen takk til alle samarbeidspartnarar, foredragshaldarar, innleiarar og alle andre medverkande ved Høgskulen i Volda, Møreforsking Volda og SfS for vel gjennomførte Forskingsdagar!

Del på