Norsk radiohistorie starta av 14-åringar?

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

No har vi fått «Norsk kringkastingshistorie» i eit bind. Bak verket står Ketil Jarl Halse, amanuensis i radiojournalistikk ved Høgskulen i Volda, saman med Helge Østbye, professor i medievitskap ved Universitetet i Bergen.


– Mange ingeniørar hadde stor moro av å lage radiosendingar, men også unge gutar som skrudde, lodda, snekra egne apparat og strakk trådar. Det vart stifta foreiningar som arbeidde for «radiosaka», som arrangerte kurs om radioteknikk, antenneløysingar og mottakarkvalitet, fortel Halse til Klassekampen.no.

Folkeopplysning
Nokre gjekk lenger enn andre. To 14-åringar frå Drammen – Birger Holth og Gunnar Bergstrand – var kanskje dei første som dreiv kringkasting i Noreg over ein viss periode: Dei starta sin eigen stasjon frå ein sjølvbygd sendar jula 1922. Kanalen, om man kan kalle den det, fikk lov til å sende fram til ut på nyåret 1924. Då greip Telegrafstyret inn og konfiskerte sendaren.

– Det oppsto raskt et behov for regulering, fortel Halse.

– Ein ønskte ikkje amerikanske tilstander, der den frie marknaden i starten skapte «adskillige steder fullstendig kaos» i eteren, og importerte derfor den britiske modellen: Et nasjonalt selskap med einerett til kringkasting. Med den følgde ambisjonane om at radioen skulle drivast i folkeopplysninga si teneste.

Les meir i Klassekampen.

Del på