Ny aktuell bok om ungdom

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert


Gjennom elleve kapittel forfatta av sentrale ungdomsforskarar,førsteamanuensis Lidveig Bøe ved HVO er ein av desse, gir boka kunnskap om ungdomsrolla i vår tid, sett i forhold til mellom anna fritid, skole, arbeid, flytting og marginalisering. Boka knyter desse tema til teoretiske perspektiv frå sosiologi, pedagogikk, antropologi og demografi.

Boka er skriven for studentar som tek ulike samfunnsfag - særleg sosiologi og geografi - pedagogikk og historie. Innhaldet vil dessutan vere nyttig for alle som skal arbeide med ungdom, meir generelt for alle som vil lære meir om ungdoms livsvilkår.

Professor Kåre Heggen og førsteamanuensis Jon Olav Myklebust ved Høgskulen i Volda har mellom andre vore forfattarar og hatt fagleg redaksjonelt ansvar for den nye ungdomsboka som kom utpå Det Norske Samlaget i august.

Del på