Ny arbeidsrapport om kroppsøvingsfaget

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Dette er den andre rapporten som er laga på grunnlag av ei kvantitativ undersøking som vart gjennomført i november 1999. Den fyrste rapporten (arbeidsrapport nr. 99/2000)tok for seg motiv for å byrje, utdanning, yrkeserfaring og engasjement i frivillig organisert idrett.

I denne rapporten vert merksemda retta mot deltaking i og behov for etter- og vidareutdanning.Politiske føringar og kompetanseutviklingsplanar viser at kunnskap ikkje er noko ein tileignar seg ein gong for alle - livslang læring har vorte det nye slagordet, og universiteta og høgskulane skal vere sentrale aktørar i etter- og vidareutdanningsmarknaden.
Planen Kompetanseutvikling i grunnskulen frå 2000 Kroppsøving peikar på manglande utdanning og stort behov for oppdatering av kunnskap, men kva meiner våre tidlegare kroppsøvingsstudentar om dette? Kor stor andel av respondentane har delteke på etter- og vidareutdanningskurs og korleis vurderer dei sitt behov for etter- og vidareutdanning innanfor det idrettsfaglege området?
I tillegg til desse problemstillingane ser også rapporten på om det er skilnader når det gjeld kjønn, alder og tidlegare deltaking når det gjeld behov for meir etter- og vidareutdanning.

Rapporten byggjer på ei spørjeundersøking etter survey-metoden, der eit utval av studentar frå heile perioden 1970 - 2000 har vore respondentar. Presentasjonen er "smal" og ser kun på deltaking i og behov for etter- og vidareutdanning. Dette for å kunne gå noko meir i djupna. Ny rapport om type etter- og vidareutdanningskurs og organiseringsmodellar vil truleg verte utarbeidd studieåret 2001 - 2002.

Arbeidsrapport nr. 108: Kroppsøving. Deltaking i og behov for etter- og vidaretutdanning. Ei kartlegging av personell utdanna ved lærarutdanninga i Volda i perioden 1970-2000.
Av Frode Sætre.Høgskulen i Volda, 2001.

Del på