Ny auke i forskingspubliseringar

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

2ce1d32fcaf34e7b9b39fa02531470ec
Professor Arne Redse er ein av dei tilsette ved HVO som har bidrege til publikasjonspoeng i 2015.

HVO oppnådde 111,6 publiseringspoeng for dei tilsette sine forskingspublikasjonar i 2015. Det er ein auke frå året før da høgskulen hadde 98,8 poeng. Publikasjonspoeng er eit uttrykk for publiseringsaktivitet og nivå, som nyttast i fordelinga av pengar til universitet og høgskular. Då tel vitskaplege artiklar i tidsskrift, vitskaplege artiklar i artikkelsamlingar og vitskaplege bøker.

Aldri to så gode år på rad

Tellekantsystemet har vorte endra frå 2014 til 2015 og internasjonal publisering og sampublisering vert vekta høgare enn tidlegare. Men uansett tellemåte så har forskarane ved Høgskulen i Volda auka publiseringa det siste året. Med den gamle utrekningsmåten ville HVO i 2015 oppnådd 104,4 publiseringspoeng.

Auken betyr også at HVO ender opp med eit forholdsvis høgt snitt i publikasjonspoeng per FoU-tilsett til høgskule å vere. Dette er eit kvalitetskriterium HVO blir målt på av Kunnskapsdepartementet.

– Dette syner at forskarane ved Høgskulen i Volda arbeider godt, år etter år. Vi har ikkje tidlegare hatt to år på rad med så høgt snitt, så det er veldig positivt at vi har så godt resultat på dette viktige målet for vitskapleg kvalitet, seier rektor Johann Roppen.

Mykje arbeid

Arne Redse og Ana Luisa Sanchez Laws gav i 2015 ut kvar si bok på eit akademisk forlag på nivå to. Redse sitt forskingsprosjekt har tatt for seg forskjellar og likskapar mellom kinesisk etikk og moral og kristen teologi. Han har sjølv budd og arbeidd i Hong Kong, og innsamlinga av data til den omfattande boka starta han med allereie i 1995.

I boka til Laws får ein eit djupt innblikk i korleis museum kan utvikle seg og inkludere brukarane for å få nye og gode nettløysingar.Ho har hatt eit samarbeid med mellom anna nasjonalmuseet i Australia gjennom arbeidet med boka.

– Eg arbeidde mykje med boka medan eg budde i Australia. Det har vore ganske mykje fram og tilbake for å få publisert den. Eg har også merka at det er vanskelegare å arbeide med bok nummer to enn ein. Det var ein stor lette då eg var ferdig med boka. Men samstundes er det komfortabelt å ha eit slikt prosjekt å halde på med. No må eg tenke på nye eventyr, sa Laws etter at boka hennar kom ut.

Del på