NY BOK

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Frå forordet:

Denne boka vil først og fremst dekkje behovet for ei innføring i kristendomshistorie for norske lærarstudentar. Første hovuddelen følgjer historia kronologisk frå kristningsperioden og fram til i dag. Den andre hovuddelen inneheld fordjupingsartiklar som er særleg aktuelle for dei som tek påbygningseiningar eller vidareutdanning innafor Kristendoms-, religions- og livssynskunnskap (KRL).

I samsvar med utviklinga i skulefaget dei siste åra har vi lagt vekt på å få fram samspelet mellom religionen og kulturen elles. Difor er boka rikt illustrert – både med kunstbilete frå ulike periodar og med litterære sitat som kanskje kan gjere fortida meir levande og ”nær” for lesaren. Samstundes har vi vilja skrive så enkelt og greitt at alle interesserte kan ha utbyte av boka. Ein del spesielle ord og faguttrykk er elles forklarte i ei liste heilt bak.

I den norske kristendomshistoria spelar dei religiøse bileta ei viktig rolle. Bileta har til alle tider hatt ein svært direkte måte å kommunisere på. Eit hovudformål med biletpresentasjonen i denne boka er å gje lesaren innblikk i korleis bileta speglar det samfunnet dei har vakse fram i. På mange måtar kan ein seie at dei visualiserer essensen av dei trusførestellingane som gjeld i ulike periodar. Samstundes vil biletpresentasjonen gje ei innføring i sentrale sider ved den kristne ikonografien.

Som ekstraservice for den primære målgruppa, nemleg KRL-studentane i lærarutdanninga, legg vi ut nokre didaktiske refleksjonar og oppgåver til kvart kapittel på denne internettadressa:

http://www.fakbokforlaget.no/boker/kristendomshistorie.htm .

Sidan både grunnskulefaget og lærarutdanninga er under revisjon, finn vi det mest tenleg å gje dette pedagogiske stoffet ei form som raskt kan oppdaterast.

Bokprosjektet har vore eit spennande samarbeid mellom to teologiske historikarar og ein kunsthistorikar. Sjølve har vi opplevt dette samarbeidet som svært fruktbart, og lesaren vil nok merke at her er tre litt ulike forfattarstemmer. Vi har gjeve respons på kvarandre sine tekster, men er hovudansvarlege for dei ulike delane slik det går fram av kolofonsida.

Del på