Ny bok av Ingjerd Traavik - Innføring i analyse av biletbøker

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

traavik520_1

I boka si analyserer Traavik mellom anna bøkene Kattens skrekk (1992) og Dagbok forsvunnet (1996). Traavik presenterer kunstnaren, drøftar kva ei biletbok er og presenterer ulike tilnærmingsmåtar til analysen. I tillegg presenterer ho sin eigen lesemåte, som har vinkling på samfunn, ideologi og kjønn. Dei detaljerte analysene, opnar for spennande lesing av Fam Ekmans biletbøker.

I Kunnskapsløftet 2006 er norskfaget delt inn i munnleg, skriftlege og samansette tekstar. Biletbøker høyrer inn under det siste, saman med teikneseriar, reklame, aviser, nettsider, songtekstar, fim og teater. Analyse av bilete og tekst er no et kompetansemål i grunnskulen. Dette forutset at lærarane kan undervise i biletanalyse. Også barnehagetilsette må no ha kunnskap om bilete og tekst ifølge Forskrift om rammeplan for barnehagens innhald og oppgåver.

Boka er primært retta mot allmenn- og førskulelærarar, men ifølgje forlaget vil også foreldre og andre som har glede av biletbøker ha utbytte av boka. Traavik gir lesarane tilgang til eit lenge etterspurt begrepsapparat omkring biletbøker.

Del på