Ny bok frå Ivar Aasen-instituttet

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Denne boka inneheld sju tekstar frå tida 1997-1999. Dei handlar om trekk ved den nynorske skriftkulturen. Det spørsmålet som heng over dei, er "Kva moglegheiter har nynorsken i overgangen frå modernitet til ettermodernitet?". Det samla svaret er at det finst verdiar i nynorskkulturen som er verd å ta vare på, og at det ettermoderne samfunnet gir berarane av nynorskkulturen nisjar der dei har gode sjansar til å gjere nytte for seg. Den som leitar godt her, vil også finne eit ymt om at vi kanskje no er på veg ut av det ettermoderne og inn i det nybarokke. Eller at det nybarokke nettopp er ein av dei ettermoderne nisjane der nynorsken trivst svært godt.

Tre av desse tekstane har ikkje vore prenta før, og ein av dei har vore så godt som utilgjengeleg. Dei tre andre har stått i Dag og Tid, og blir såleis her berga for ettertida frå journalistikkens evige notid.

Stephen J. Walton (f. 1958) tener til livets opphald som professor II ved Ivar Aasen-instituttet ved Høgskulen i Volda og som professor i norsk ved University College i London.


Ansvarleg utgjevar: Høgskulen i Volda
ISBN: 82-7661-104-4
Distribusjon: Haugen Bok, 6100 Volda
ekspress@haugenbok.no

Del på