Ny bok: «Frå tare til topp»

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Sørøyane ligg som perler på ei snor mellom Stad og Runde. På desse øyane ute mot det opne havet treng ein ikkje å gå krevjande turar for å få panoramautsikt. Her finns det ruter som passar for heile familien.

– Vi vonar at boka vil inspirere fleire til å nytte seg av dette fantastiske området. Boka har også ein kunnskapsdel der ein kan lese om øyane si historie og kultur, seier Sætre.

33331235849c9e3c2d51e6a359031c86b0cdaa9b

Frode Sætre og Tore Aarflot.

Lansering

Boka vert lansert laurdag 3. november under den tradisjonelle «Saudehaudfesten» på Rosenlund Marina på Sandsøya. Her skal forfattarane fortelje om bokprosjektet og vise foto frå boka.

Boka er på 432 sider og har over 650 fargefoto. Boka vert seld i alle Coop butikkar på Søre Sunnmøre. Boka har eiga heimeside: www.kysttur.no. Facebook: Frå tare til topp

Del på