Ny bok: Musikk på tvers

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

- Dette er mi første lærebok utgjeven på eit offentleg forlag, fortel Reidun Bjørlykke.


rb

Spiren til arbeidet vart lagt då ho var redaktør for ein lærebokserie for Tano i perioden 1994/97. Dette arbeidet inspirerte høgskulelektoren, som over ein to års periode har arbeidd med denne boka.

Musikk på tvers er ei innføring i musikkdidaktikk for barnehage og skule der musikkopplæringa vert presentert under eitt for heile løpet. Fokus vert sett på korleis musikkfaget kan takast i bruk i samband med tverrfaglege opplegg og tema- og prosjektarbeid.

Aktivitetar som synging, speling, dansing, komponering og lytting har ein sentral plass i boka. Kva for aktivitetar som høver for dei ulike aldersgruppene vert omtalt. Boka gir praktisk tilrettelegging av musikkkundervisning i samsvar med plandokument for barnehage og skule og presenterer ulike retningar innanfor musikkfaget si utvikling.

Musikk på tvers er skriven for pedagogar som arbeider i barnehage og skule, for studentar ved førskule- og allmennlærar utdanning og for etter- og vidareutdanning i musikk.

Musikk på tvers er utgjeven på Tano Aschehoug, ISBN 82-518-3897-5.
Boka kan kjøpast både gjennom studentbokhandelen ved HVO og Haugen Bok i Volda.


Del på