Ny bok: Nord-Vestlandet - liv laga?

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Er Nord-Vestlandet liv laga? Er det noko som bind saman dei ulike regionane i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane? Boka reiser spørsmål om kva som særmerkjer Nord-Vestlandet i historie, næringskultur, entreprenørskap, innovasjon og bygdeutvikling, samferdsle og arbeidsmarknad, og dei politiske organa som freistar å planlegge og påverke framtida.

 

Det ligg lange historiske utviklingstrekk bak førestillingane om sogningen, sunnfjordingen, nordfjordingen, sunnmøringen, romsdalingen og nordmøringen. Førsteamanuensis Arnljot Løseth ved Høgskulen i Volda (HVO) peikar på interessante skilnader i fogderia når det gjeld kultur og økonomi.

pressekonf2

Bak: Roar Amdam, Finn Ove Båtevik,  Grethe Mattland Olsen

Framme: Harald Kjølås, Arnljot Løseth, Hallgeir Gammelsæter

Sjølv om Nord-Vestlandet i dag er prega av småbyar og bygder med mindre tiltrekkingskraft enn storbyane, er det framleis snakk om livskraftige samfunn sjølv om Nord-Vestlandet på mange måtar framstår som ein tapar i kampen om dei menneskelege ressursane. Høgt utdanna ungdom frå desse to fylka reiser ut og legg kompetansen sin i vektskåla i andre fylke. Boka prøver m. a. å gje svar på kva som må til får å få dei heim att. Voldaforskarane Finn Ove Båtevik, Grethe Mattland Olsen og Barbro Vartdal har i rapporten "Rekruttering av nøkkelpersonar til arbeidsmarknaden - ei utfordring for Nord-Vestlandet?" undersøkt kampen om dei mennesekelege ressursane.

 

Boka reiser spørsmål om kva som særmerkjer Nord-Vestlandet i historie, næringskultur, entreprenørskap, innovasjon og bygdeutvikling, samferdsle og arbeidsmarknad, og dei politiske organa som freistar å planlegge og påverke framtida. I artikkelen "Fylkesplanlegging som nasjons- eller regionbygging?" drøftar professor Roar Amdam fylkeskommunenen si rolle i skjeringspunktet mellom stat og lokal regionbygging.

 

I tillegg til forskarane ved institusjonane som er omtala over, har historikaren og forfattaren Johs. B Thue og politisk redaktør i Sunnmørsposten, Harald Kjølås, kvar sine bidrag.

 

Forskarane er: Roar Amdam (Volda), Dag Magne Berge (Molde), Ove Bjarnar (Molde), Svein Bråthen (Molde), Oddbjørn Bukve (Sogndal), Finn Ove Båtevik (Volda), Hallgeir Gammelsæter (Molde), Øvind Glosvik (Sogndal), Arnljot Løseth (Volda), Jon Gunnar Nesse (Sogndal), Grethe Mattland Olsen (Volda) og Barbro Vartdal (Volda).

nv-omslag

 

Boka er på 277 sider og er utgitt på Sunnmørsposten Forlag. Redaktørar er Hallgeir Gammelsæter,Arnljot Løseth og Oddbjørn Bukve.

 

Del på