Ny bok om kinesisk religion

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

3a183740346df2589d2303df40202c872902c1bdKinesisk religion og religiøsitet pregar i dag i betydeleg grad førestillingsverda, livssynsperspektiva og den religiøse og etiske praksisen til over ein milliard menneske.

Redse si bok er ei innføring i den historiske utviklinga av konfutsianismen, daoismen og buddhismen i kinesisk samanheng. Kinesarane omtaler gjerne desse tre religionane som "dei tre læreretningane".

Den historiske utviklinga til den kinesiske folkereligiøsiteten er også introdusert. Denne er eldre enn dei tre læreretningane og er i likskap med desse framleis levande truspraksis. Konfutsianismen reknar Kong Fuzi (Konfutsius) som sin viktigaste læremeister. Daoismen er bygd på læra til vismannen Laozi. Buddhismen var i utgangspunktet ein framand religion i Kina, innførd frå Buddha sitt heimland, India.

Boka er skriven med tanke på behovet i religions- og kulturstudiar ved universitet og høgskular.

Arne Redse er utdanna teolog og er professor ved Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag ved Høgskulen i Volda. Han underviser også ved Fjellhaug Misjonshøgskole i Oslo. Han var misjonsprest i Hong Kong frå 1983 til 1993 der han mellom anna underviste ved Lutheran Theological Seminary. Han har publisert fleire bøker innan systematisk og praktisk teologi.

I Bibsys Askda50fbb5df4d7aa0a375c92dd3b50b58adc7877b kan du finne fleire publikasjonar av Arne Redse.

Del på