Ny bok om offentleg planlegging og innovasjon

Tekst: Per Arne Brandal

Professor Roar Amdam ved Høgskulen i Volda har skrive kapittel tre i boka «Innovation in Public Planning. Calculate, Communicate and Innovate”. Boka tek sikte på å bidra til diskursen om innovasjon i planleggingsteorien.

Professor Roar Amdam
Professor Roar Amdam ved Høgskulen i Volda har skrive kapittel tre i boka «Innovation in Public Planning. Calculate, Communicate and Innovate”.

Redaktørane Aksel Hagen og Ulla Higdem ved Høgskolen i Innlandet skriv i boka at planleggarar og politikarar har brukt omgrepet innovasjon for å inspirere sin praksis i mange år. I løpet av dei siste 15 årane har litteraturen om offentleg innovasjon og planlegging utvida seg mykje. Omgrepet "innovasjon" har i stor grad erstatta uttrykk som "endring" og "kreativitet"; det har også erstatta "modernisering", "forbetring av effektivitet" og "forbetring av planleggingsmetodar" i vokabularet i ordskiftet om offentleg sektor og offentleg planlegging. Dersom planleggingsteorien framleis skal vere aktuell og relevant, så er det etter redaktøranes syn nødvendig at innovasjon blir gitt meir teoretisk merksemd i planleggingsfaget. Denne boka tar nettopp sikte på å bidra til diskursen om innovasjon i planleggingsteorien.

Synopsis

This book contributes to the discourse on planning theory by accentuating the perspective of public innovation. Extending planning theory's traditional two major perspectives - 'Communicate' and 'Calculate' - the book argues that contemporary planning theory should incorporate 'Innovate' as a third perspective. It highlights the multitude of new perspectives that innovative planning can bring to bear on planning theory, as well as showing how the interplay between the three perspectives - 'Communicate', 'Calculate' and 'Innovate' - can help to address vital issues in contemporary societal development.

Planlegging

Publisher: Springer Nature Switzerland AG
ISBN: 9783030461355
Number of pages: 221

Boka har bidrag frå forskarar frå Danmark, Finland, Nederland, Noreg og Sverige. Professor Roar Amdam ved Institutt for planlegging, administrasjon og samfunnsfag ved Høgskulen i Volda skriv i sitt bidrag at både samarbeidsdriven planlegging og innovasjon inneber forsøk på å kombinere instrumentelle og kommunikative rasjonalitet for å knytte kunnskap til handling, og til å organisere fleire aktørar i  nettverk. Amdam hevdar at slike nettverk av aktørar både i planlegging og innovasjon trenger demokratisk legitimitet. Han diskuterer likskap mellom planlegging og innovasjonsprosessar, korleis ulike styringsregimer påverkar desse prosessane og korleis aktørane gjennom å utvise klokskap i samarbeidsprosessar, kan auke nettverkas legitimitet og institusjonelle kapasitet.

Del på