Ny bok om supermakter og kald krig

Tekst: Bente Gunn Lien

- Oppdatert

Langt om lenge

– Det var godt å endeleg kome i mål med boka, fortel Melle. – Det har vore eit frykteleg langt svangerskap. Interessa for internasjonal politikk og spesielt den kalde krigen vart kveikt då eg held på med hovudfag på 70-talet. Tidleg på 90-talet heldt eg mine første forelesingar om emnet, og då byrja også manuset å ta form. Men det er klart at når ein arbeider med eit manus over så lang tid, må det gjerast mange endringar undervegs, og noko av stoffet vert også forelda.

Frå lokal- og regionalhistorie til globalhistorie

Om ein ser på listene over det Oddbjørn Melle har skrive dei siste 15 åra, er det lokale og regionale tema som er mest iaugefallande. For nokre år sidan var han ein av medforfattarane av historieverket "Havfiskeflåten i Møre og Romsdal og Trøndelag".

melle_med_bok

Og før det hadde han saman med Jon Tvinnereim forfatta "Fjordbygder i forandring" – historia om Volda og Ørsta sparebank. Doktoravhandlinga hans frå 1999 er også sterkt knytt til vår region. Melle tok der føre seg bakgrunnen for høgskuleetableringa i Volda og Molde.

– Det stemmer at eg har skrive mykje om det lokal og regionale dei siste åra. Ikkje berre i bøker, men også i lokale tidsskrift, t.d. Voldaminne, kommenterer Melle. – Men det emnet eg er mest interessert i, er den kalde krigen, avslører han. – I den nye boka tek eg føre meg globalhistorie. Eg skriv om den kalde krigen på alle verdsarenaer, noko som nok gjer denne boka meir globalhistorisk enn andre bøker om same tema.

Meir om boka

melle-bok_-150

Der mange bøker om den kalde krigen er meir eller mindre eindimensjonale, opererer denne boka på fleire analyse- og aktørnivå i sentrum og periferi av verdssystemet. Forståingsramma er vid i tid og rom, med kapitalismens ekspansjon og globale konsolidering som den store konteksten.

Det er lagt vekt på forholdet mellom supermaktene og på dei arenaene for den kalde krigen der USA gjorde seg sterkast gjeldande. Analysen kombinerer teori, empiri og historiografi. Viktige motkrefter til det vestlege hegemoniet var kommunisme, nasjonalisme og islamisme. Omgrep som globalisering og modernitet inngår i analysen saman med geopolitikk og ideologiar. Kulturdimensjonen er også med.

I sentrum av analysen står den suverene supermakta USA, kapitalismens fremste systemvaktar. At denne aktøren er vårt lands hovudallierte, gjer ikkje tematikken mindre relevant for Noreg. 

 Oddbjørn Melle:

Supermakter og kald krig-arenaer. Vestens globale hegemoni i møte med kommunisme, nasjonalisme og islamisme. Abstrakt forlag. 2008. 515 s. Kr 395,-. ISBN 978-82-7935-243-3

Del på