Ny bok om veg- og gatenamn i Møre og Romsdal

Tekst: Webmaster Volda

Boka inneheld ein språkleg og namnefagleg analyse av om lag 3700 offisielle veg- og gatenamn frå alle dei noverande 37 kommunane i Møre og Romsdal. Termen veg- og gatenamn er her nytta som samleterm for både vegnamn, gatenamn, brunamn, tunnelnamn og ferjekainamn, men storparten av namna er vegnamn og gatenamn.

Namna er ordna etter kommune i alfabetisk rekkjefølgje og alfabetisk innanfor kvar kommune. Bak i boka er det sett opp eit alfabetisk namneregister med sidetilvising. Om kvart namn er det gjeve opplysningar om offisiell skriftform, namneopphav, grammatisk form av utmerkingsleddet, tyding av namneledda, norrøn form, ev. stjerneform, eit framlegg til tolking av namnet og lokalitetsfesting (GAB-nummer, bydel, krins, bustadfelt), dersom dette er oppgjeve av kommunen.

Av undersøkinga går det klart fram at i Møre og Romsdal er detkulturminneprisippet som har vore hovudprinsippet ved namngjevinga av vegar og gater. At det finst døme på bruken av orienteringsprinsippet, t.d. temaprinsippet i Kristiansund, Molde og Ørsta, endrar ikkje dette faktumet.

Boka er meint for stadnamninteresserte, særleg for personar i kommunar der veg- og gatenamna er henta frå.

hallaraker-meld

Pensjonert førsteamanuensis Peter Hallaråker f. 1933 er cand. philol. med norsk hovudfag frå Universitetet i Bergen i 1961. Medan han var tilsett ved Høgskulen i Volda (1962–2000), hadde han fleire undervisnings- og forskingsopphald ved utanlandske universitet. I perioden 1985–1995 var han prosjektleiar for det fylkesomfattande Stadnamnprosjektet i Møre og Romsdal, der om lag 200 00 stadnamn vart innsamla og dataførte. Til saman har han publisert 110 vitskaplege arbeid om nynorsk språk og stadnamn, deriblant 8 bøker.

Del på