Ny bok tar kaka

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Kulturhistorie

Første del av boka omhandlar kaka si kulturhistorie og om korleis kakene kom til Vestlandet. Forfattarane har besøktvestlandsbyane frå Egersund i sør til Kristiansund i nord for å samle inn historisk kjeldestoff kring bakar og konditoritradisjonar. Her står Bergen i ei særstilling.

 

brunstad-tarkaka-melding

- Kanskje er dei lokale kaketradisjonane våre meir internasjonale enn vi skulle tru, seier høgskulelektor Heidi Brunstad-Øyehaug. Internasjonal handel gjorde byane våre svært så internasjonale og sjølvsagt måtte folk i byane ha mat.

Prestisje

- Boka har og eit kapittel knytt til sosiologi. Det er nemleg ikkje lite som står på spel når ein skal bake og gje vekk ei kake, seier høgskulelektoren.

Oppskrifter

Siste del av boka er oppskrifter. Elevar ved Hafslo vidaregåande skule i Sogn har bakt mange av kakene som ein ser bilde av i boka. Elevane ved Hafslo har hatt kakeboka som prosjekt gjennom heile skuleåret. I boka finn vi også eit metodekapittel som fortel om korleis vi kan bake alle desse lekre kakene. Kaker og helse er også eit tema i boka.

Det er Selja Forlag i Førde som gir ut boka. Oskar Andersen har vore hovudfotograf.

Del på