Ny bok: Ungdom, risikosoner, marginalisering

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Boka er resultat av forskingsprosjekt om ungdom og marginalisering, gjennomført for Noregs Forskingsråd ved Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda. Professor Heggen, som er leiar for dette forskingsprosjektet og forskar II ved Møreforsking Volda, har samarbeidd om prosjektet og boka med Gry Paulgaard, førsteamanuensis ved Universitetet i Tromsø og Gunnar Jørgensen, amanuensis ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Den sårbare livsfasen
De andre tek opp spørsmålet om marginalisering – om inkludering eller ekskludering frå samfunnet sine viktigaste arenaer. Frå omslaget på boka kan ein lese at dette er eit av samfunnsvitskapen sine mest sentrale forskingsområde.
Barndom og ungdom er særleg viktige fasar i menneskelivet. Dette fordi barn og unge periodevis er i sårbare overgangsfasar, men også fordi så mange unge som vert utsette for marginaliseringsprosessar, vert merka for livet.
De andre presenterar viktige side ved barn og unge sine livsløp i ulike lokalmiljø, basert på omfattande intervju, særlig med unge med tidleg avslutta skulegong. Her vert det teikna bilete av barn og ungdom sine forhold til sentrale arenaer som familie, skule, fritid og arbeidsliv, med særskild merksemd på typiske trekk og viktige vendepunkt som fører til marginalisering eller integrering. Ulike oppvekstmiljø fører til ulike former for marginalisering og integrasjon, og skilnader mellom jenter og gutar trer fram i analysen. Forfattarane presenterer også ei omfattande innføring i omgrep og teoriar som kan hjelpe oss i å få grep om desse prosessane.
De andre er særlig relevant for dei som utdannar seg for arbeid med barn og unge, og for dei som allereie arbeider i slike yrke.

Du finn meir om boka på http://www.fagbokforlaget.no/, og kan også finne informasjon på Møreforsking sine sider, http://www.moreforsk.no/

Del på