Ny dosent ved Høgskulen i Volda

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Ei dosentstilling er likestilt med ei professorstilling, men har eit litt anna innhald. I vurderinga kan den sakkunnige kommisjonen, som skal ha internasjonal deltaking, leggje vekt på framifrå undervisning, forsking, utarbeiding av undervisningsmateriell, formidling samfunnskontakt og liknande.

2faed4f3fd2418c997fb4a4fc55624b0c0911300

Dosent Asbjørn Simonnes.


Simonnes er cand. philol. med kristendomskunnskap hovudfag frå Universitetet i Bergen. Han har også pedagogikk og historie i fagkrinsen sin. Han har graden D.min. (Doctor of Ministry) og ein Ph.D. frå Fuller Theological Seminary i USA. Asbjørn Simonnes som er tilsett ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, har undervist ved Høgskulen i Volda sidan 1980.

Den sakkunnige kommisjonen har mellom andre hatt med professor Knut Lundby (Universitetet i Oslo) og professor Birgitte Tufte (Center for Marketing Communication, Copenhagen Business School). I oppsummeringa skriv kommisjonen: ” Han har markert seg som en profilert religionspedagog og medieforsker og har dokumentert sine kvalifikasjoner gjennom forsknings- og utviklingsarbeider på høyt faglig nivå innrettet mot et aktuelt yrkesfelt. Fagområdene er altså i det vesentlige religionspedagogikk og medieforskning”.

Del på