Ny lærebok i mediespråk

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

No har det komme ei ny lærebok i mediespråk, faktisk den fyrste slike læreboka på norsk på ti år.

Boka "Mediespråk. Form og formidling i journalistikk" gir ei brei innføring i form og formidling i journalistikk, frå eit overordna plan der det blir greidd ut om språk og makt, språknormer og haldningar, til praktisk journalistisk arbeid med språket som verkty. Det blir mellom anna gjort greie for språkideal, journalistiske sjangrar og verkemiddel, argumentasjonsteknikkar og arbeid med journalistiske tekstar. Forfattarane drøftar vidare kva som kjenneteiknar godt språk og god kommunikasjon, og viser korleis ein kan ordleggje seg og byggje opp gode tekstar innanfor ulike journalistiske sjangrar.

Boka handlar om mediespråket i tradisjonelle medium, men kjem også inn på språket i nye elektroniske medium. Språkbruk i radio og fjernsyn har fått god plass, og stemmebruk og framføring er emne for eit eige kapittel. Forutan ei rekkje råd om god språkføring, inneheld boka også oppgåver og ei journalistisk ordliste.

"Mediespråk. Form og formidling i journalistikk" er skriven for journaliststudentar og andre som studerer eller bruker språk i massemedia. Boka kan også høve for lærarar som underviser i mediefag og norsk i vidaregåande skular og folkehøgskular, og for folk som arbeider med informasjon. Ho er gitt ut av Samlaget, og blir sendt ut på marknaden i desse dagar.

Forfattarane er båe tilsette ved Høgskulen i Volda (HVO). Bjarte Alme (f. 1938) er førsteamanuensis i journalistikk ved Avdeling for mediefag på HVO. Jon Peder Vestad (f. 1963) er stipendiat i mediespråk same stad. Båe forfattarane har arbeidd som journalistar, og har journalistikk og mediespråk som arbeidsfelt.

Del på