Ny monografi av Jostein Fet

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

"Lesande bønder" fekk stor fagnad, og mange har sett fram til  den nye boka. Fet si forsking har ført til at vi må revidere og nyansere mykje av det vi hittil har trudd om lese- og skrivekunne i det gamle norske bondesamfunnet. I ein internasjonal samanheng er denne type historisk orientert ”literacy”-forsking svært aktuell, og Fet si forskning har fått begeistret mottaking blant fagfolk på feltet.

1068714525

Jostein Fet med Lesande bønder frå 1995.

Fet har i 45 år vore ein sentral person i Voldas høgskulemiljø, først ved det som het Volda lærarskule, seinare frå 1971 som høgskulelektor, seinare dosent, ved Møre og Romsdal Distriktshøgskole Volda. Her var han sentral i oppbygginga av Nordisk institutt. Fet si hovedinteresse har vore lokal skriftkultur. Dei to store monografiane  Lesande bønder og Skrivande bønder vil bli ståande som høgdepunkt i denne spanande forfattarskapen.

I Skrivande bønder analyserer Fet kva bøndene har skrive. Han følgjer slektsledd i innskrifter i biblar, allmanakkar, huspostillar og annalar, gripande sitat frå talrike brev, ulukkelege (og vellukka) kjærleiksbrev, skrekkskildringar frå soldatar i krigen (1808), klagesongar og innskrifter om ulukker og uår. Fet analyserer den språklege kompetansen til skrivarane – norvagismane, ortografien og korleis dei valde sine skriftlege førebilete. Fet gjennomgår også utviklinga av skriveopplæringa i skulen.


 

Del på