Ny professor ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Irene Velsvik Bele er fødd og bor i Volda, men har tidlegare arbeidd i Ålesund, i lengre tid. Sidan 2002 har ho vore tilsett ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, med ansvar for emne ved masterstudiet i spesialpedagogikk. Ho har undervist og rettleia i spesialpedagogikk/pedagogikk ved både førskulelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning og praktisk-pedagogisk utdanning for faglærarar ved HVO. I tillegg har ho undervist om stemmekvalitet på media-avdelinga. Ho underviser no om språk- og språkvanskar og leseutvikling, i tillegg til rettleiing av masterstudentar. Bele er også tilsett i eit professorat i logopedi ved Universitetet i Nordland, Bodø, der ho er aktiv i oppbygginga av eit masterstudium i logopedi. Ho er den andre professoren i logopedi i Noreg.

Brei forskarerfaring
Ho tok doktorgraden Dr. Polit. i spesialpedagogikk ved Universitetet i Oslo (1998-2002), om talestemmen og kva som er sentrale kvalitetar ved stemmer for at dei skal høyrast godt. Hennar interesseområde og forskingstema dei siste åra har vore spesialpedagogiske tema, barn og unge med språkvanskar, og sårbare barn og unge.

Språkvanskar
På feltet språkvanskar har ho publisert artiklar i høgt rangerte internasjonale tidsskrift, og ho var redaktør for boka «Språkvansker. Teoretiske perspektiver og praktiske utfordringer». Ho var med i styringsgruppa i det nasjonale prosjektet "Kvalitet i opplæringa – om tilpassa opplæring", saman med Peder Haug. Dei studerte aktiviteten i norske klasserom og vurderinga av skulen sett frå perspektiva til skuleleiarar, lærarar, elevar og foreldre.

Sårbar ungdom og overgang til vaksenliv
Bele vert framheva som ein erfaren forskar, med både breidde og høgt nivå på forskingsaktiviteten. Ho er òg aktiv innan velferdsforsking i eit samarbeid mellom Avdeling for lærarutdanning og Avdeling for samfunnsfag og historie, og sit i leiargruppa saman med Jon Olav Myklebust, Rune Kvalsund og Finn Ove Båtevik. Dei forskar innanfor eit longitudinelt forskingsprosjekt om sårbar ungdom, der dei har følgt sårbare barn og unge gjennom livsløpsetappane og overgangane mellom skule og vaksenliv frå dei var 16 til dei no er vel 30 år gamle.

I prosjektet har dei analysert kva innverknad skuleerfaringane kan ha på tilpassinga i vaksenlivet, samanlikna med dei unge sine eigne føresetnader og familiesituasjonen dei er i. Forsking der endringar over tid er med i forskingsopplegget er sjeldan både i Noreg og internasjonalt. Også på dette feltet har Bele presentert arbeid på internasjonale forskingskonferansar og publisert artiklar i topprangerte internasjonale tidsskrift, som Scandinavian Journal of Disability Research og Scandinavian Journal of Educational Research.

Irene Bele er den 30. professoren ved Høgskulen i Volda*.

*(Inkludert professorar i redusert stilling og professor II)

Del på