Ny professor ved Høgskulen i Volda

Tekst: Webmaster Volda

I den faglege produksjonen til Døssland er særleg det fyrste bandet av fylkeshistoria for Møre og Romsdal («1671 - 1835. Med lengt mot havet», utgjeve 1990) høgt verdsett. Men også dei to banda av Strilesoga han har skrive har fått rosande omtale. Det er grunn til å merke seg at Døssland er kjent professorkompetent på grunnlag av publikasjonar skrivne for eit breitt publikum, medan tendensen i akademia i fleire år har vore meritering gjennom spesialisering og fordjuping i smalare fagfelt, formidla til ein nasjonal og dels internasjonal fagleg lesarkrins.

Døssland har vore aktiv i det lokalhistoriske arbeidet både på nasjonalt plan, som medredaktør av det vitskaplege lokalhistoriske tidsskriftet «Heimen», og lokalt i Volda. Han har m.a. vore redaktør av «Voldaminne» og hatt andre verv i Volda sogelag.

Del på