Ny professor ved Høgskulen i Volda

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Løseth skreiv det tredje bandet i fylkeshistoria for Møre og Romsdal (1996), og den sakkunnige kommisjonen som fann Løseth professorkompetent gir mykje ros til dette verket. Boka er lagt opp som ei brei samfunnshistorie, der sosiale, økonomiske, kulturelle og politiske forhold og ovanfrå- og nedanfråperspektiv på utviklinga vert kopla saman i ei oversiktleg og innsiktsgjevande framstilling.

75daa34aa3a19b34fccba3b7dad302a4061c21e7
Professor Arnljot Løseth.

Denne evna til å handtere eit stort og mangefasettert kjeldegrunnlag slik at det gir god innsikt og samanheng for lesaren, pregar også andre arbeid frå Løseth si hand. Saman med kollegaen Atle Døssland gav han ut boka Mot fjernare farvatn 1860-1960. Havfiskeflåten i Møre og Romsdal og Trøndelag (2006). Dette er det første av to band om havfiskeflåtens historie, og Løseth var også leiar for heile dette prosjektet.

I tillegg til desse to større verka har Løseth skrive ei rad artiklar som dels går i djupna og dels er av det meir populariserande slaget. Han har også omfattande røynsle frå undervisning og administrativ verksemd og er i dag instituttleiar ved Historisk institutt.

Del på