Ny rapport: Legitimerande regional planlegging

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

I denne forskingsrapport drøftar professor Roar Amdam det teoretiske og empiriske innhaldet i regional planlegging innfor det såkalla nye regionalpolitiske regimet. Den politiske bodskapen er no at regionar må få tildelt makt frå statsnivået, at regionane må ta stort ansvar for eiga utvikling, og at utviklingsarbeidet må byggast på avtalebasert partnerskap mellom styringsnivåa og mellom offentleg, privat og frivillig sektor. Denne bodskapen er både teoretisk og empirisk godt begrunna.

Rapporten viser at i dette nye regimet kan planlegging kan vere ein veleigna reiskap for å styrke regionane som utviklingsaktørar dersom planlegginga blir gjennomført som ein politikklegitimerande prosess. Men rapporten viser at dette så lengt ikkje er tilfelle i Norge. Regionar her viser gjennom sitt plan- og utviklingsarbeid at dei har vilje til å ansvar for eiga utvikling, men at statsnivået i liten grad fører ein politikk som støttar opp om regionane som politiske utviklingsaktørar. Dermed bryt den legitimerande prosessen saman og regionar blir verande svake regionalpolitiske aktørar. Rapporten drøftar også kva som kan vere vegen ut av dette uføret.

Rapporten er tilgjengeleg i fulltekst

Del på