Ny rapport om Stadnamnarkivet og stadnamndatabasen for M&R

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Arbeidet med innsamlinga av stadnamn i Møre og Romsdal i tiårsbolken 1985–1995, som resulterte i ei stadnamnsamling for heile fylket på nærare 200 000 namn, vart planlagt og gjennomført i følgjande fire fasar: ein innsamlingsfase, ein analyse- og tilretteleggingsfase for dataføring, ein edb-fase og ein formidlingsfase.

hallaraker-p

Peter Hallaråker

På grunn av manglande finansiering vart prosjektet formelt avslutta i 1995, men ein har likevel halde fram med etterarbeid av ulikt slag. Dette etterarbeidet er planlagt i fem fasar:

Kontroll og ordning av primærarkivet, dvs. av namnelister, kartblad, lydkassettar og datadiskettar for alle kommunale samlingar, og skriving av ein kort rapport for kvar kommunal samling

Fullføring av arbeidet med resterande samlingar og supplering av arkivet

Retting av oppgjevne uttalefeil, lydskriftfeil og feilplasseringar på kartet

Digitalisering av namneobjekta på Økonomisk kartverk (N5)

Oppbygging av ein elektronisk stadnamndatabase for heile Møre og Romsdal på grunnlag av databasen som Statens kartverk Møre og Romsdal alt har liggjande, dvs. ein eigen database over alle samlingane frå alle dei 38 kommunane i fylket

Denne rapporten omfattar berre resultatet av første fasen i dette arbeidet, nemleg kontroll og ordning av heile primærarkivet og stadnamndatabasen, til saman nærare 200 000 stadnamn, som no er lagra ved Høgskulen i Volda. Det står såleis att fire hovudoppgåver, som alle vil innebere krav både til stadnamnfagleg kompetanse, kartfagleg kompetanse og datafagleg kompetanse, som føreset samarbeid med Statens kartverk og Kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune. Dette vil også innebere behov for økonomiske ressursar. Oppgåvene bør truleg organiserast som eit prosjekt og sjåast i eit femårsperspektiv.

Dersom ein maktar å gjennomføre desse fire oppgåvene, vil ein få eit stadnamnarkiv og ein stadnamndatabase for Møre og Romsdal som vil vere ei unik kulturhistorisk kjelde til bruk både av kommunar, fylke og stat, og av granskarar som er opptekne av lokal og regional kultur, regional historie, målføre og stadnamn. Stadnamnsamlinga er altfor rik til at ho skal bli liggjande innelåst i eit tilfluktsrom.

Del på