Ny Sørbø-bok: Lyset frå fars ansikt

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Historia om den siste tida før faren døydde er bakgrunnen for boka, der forfattaren reflekterer over kva ansvar vi har for å ta oss av gamle menneske. Dei kan ha mist talen og minnet, men aldri menneskeverdet.

dc7c75baa485083b2608b4a8b3622f3c8ba4ec4a– Eg har skrive ei bok om det å fylgje foreldra inn i den siste fasen, gjennom sjukdom til dei døyr, fortel Sørbø. – Særleg utfordrande kan det vere dersom dei misser språket, heilt eller delvis. Det eg skriv om dette, hentar eg frå to kjelder: Dels erfaringane mine, og dels at eg tok til å undervise i etikk for helse- og sosialarbeidarar i same periode som eg arbeidde med boka. Eg prøver i boka å få desse to tinga til å henge saman: Å bruke dei modellane som finst i etikken, på mine eigne røynsler.

Han fortel vidare at han fekk særleg mykje ut av å tenkje gjennom den samtalens etikk som bl.a. Habermas og Skirbekk skriv om, i forhold til menneske med svekka eller tapt språkleg evne: – Korleis kan vi halde folk inne i samtalen og inne i si eiga livshistorie etter at dei sjølve har fått vanskar med å snakke? spør Jan Inge Sørbø, som er tilsett ved Avdeling for samfunnsfag og historie ved Høgskulen i Volda.

Boka er gitt ut av Det norske samlagetda50fbb5df4d7aa0a375c92dd3b50b58adc7877b. Ei oversikt over bøker og bokkapittel av den produktive forfattaren Sørbø finst i Bibsys Askda50fbb5df4d7aa0a375c92dd3b50b58adc7877b.

Søndag 19. september kl. 8.30 kan du høyre Jan Inge Sørbø snakke om boka i På livet lausda50fbb5df4d7aa0a375c92dd3b50b58adc7877b på NRK P2.

I dagens papirutgåver av Sunnmørspostenda50fbb5df4d7aa0a375c92dd3b50b58adc7877b(Atekst, Retriever) og Klassekampenda50fbb5df4d7aa0a375c92dd3b50b58adc7877b (Atekst, Retriever) er Jan Inge Sørbø intervjua om den nye boka.

Del på