Ny utgåve: Ordbog over det norske Folkesprog

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Mange kjenner Norsk Ordbog, som vart utgitt i 1873. Her hadde Aasen valt ut éi form framfor andre, og skapte den såkalla Aasen-normalen. Utgåva frå 1850 er den første ordboka til Aasen, og boka dekkjer ordtilfanget i målføra kring i landet på denne tida. Boka vart tidleg utseld og har ikkje vore i handelen sidan. Prosjektet er eit samarbeid mellom Universitetet i Oslo ved Seksjon for leksikografi og målføregransking og Høgskulen i Volda. Det har fått støtte frå Det faglitterære fond i Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening.

Etter planen kjem boka ut i mai/juni neste år, og vil då vere tilgjengeleg også i maskinleseleg form på Internett.

Del på