Nye arbeidsrapportar

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Arbeidsrapport nr. 111: Nyheitsproduksjon for fjernsyn. Av Eivind Rønnestad. Høgskulen i Volda. 148 s.
Om rapporten:
Denne handboka er laga som eit hjelpemiddel for opplæringa i produksjonsteknikk i faget Fjernsynsjournalistikk.
Boka startar med ei kort innføring i forteljarteknikk for nyheitsproduksjon for fjernsyn. Så kjem ei drøfting av nokre nyheitstekster i fjernsyn. Desse eksempla er henta frå Nordvestrevyen, Dagsrevyen, TV2-nyheitene og Independent Television News.
Deretter kjem eit oversyn som skildrar produksjonsprosessen for nyheitssendingar i fjernsyn, fjernsynsredaksjonen, produksjonslaget under ei nyheitssending og døme på kommando frå script og regi under ei sending.
Siste delen av boka inneheld eit oversyn over det viktigaste produksjonsutstyret som blir brukt for avvikling av ei nyheitssending.



Arbeidsrapport nr. 112: Språkrøkt og språkråd. Av Jon Peder Vestad. Høgskulen i Volda. 91 s.
Om rapporten:
Heftet er eit hjelpemiddel for journalistar i etermedia. Her blir det gjort greie for ulike krav som blir stilt til språk i etermedia, og for spesielle språklege forhold brukarane må ta omsyn til. Hovuddelen av heftet inneheld råd om ordval, uttale og kva ein skal gjere med språklege vanskar ein kan møte i praktisk, journalistisk arbeid. Heftet byggjer i stor grad på råd forfattaren har gitt som språkkonsulent og som journalistlærar. I Språkrøkt og språkråd blir det også teke omsyn til dei spesielle vanskane nynorskbrukarar i radio og fjernsyn kan møte. Til sist i heftet finn ein språkreglane til NRK, og ei stor liste Norsk språkråd har utarbeidd med norske avløysarar til engelske ord som blir mye nytta i norsk.



Arbeidsrapport nr. 113: Gjennomstrøyming og kompetanse. Særvilkårselevar i vidaregåande opplæring. Av Jon Olav Myklebust. Møreforsking Volda og Høgskulen i Volda. 75 s.
Om rapporten:
Denne arbeidsrapporten gir eit samla oversyn over gjennomstrøyminga blant særvilkårselevane i vidaregåande opplæring. Framstillinga endrar i liten grad tidlegare konklusjonar frå prosjektet, men den utdjupar og nyanserer på visse punkt. I tillegg til analysane av gjennomstrøyming blir det her presentert nye data om kva kompetansenivå særvilkårselevane har nådd og korleis foreldra vurderer kompetanse og sjansane for framtidig arbeid.
Hovudkonklusjonen er at inkludering som oftast gir best gjennomstrøyming og kompetanse for dei elevane som har særskild tilrettelegging i vidaregåande opplæring. Det er eit argument for at mest mogeleg av tilrettelegginga bør vere i ordinære klasser. Fråsortering må reduserast til eit absolutt minimum. Inkludering må altså gjelde på klassenivå, ikkje berre på skulenivå.



Arbeidsrapport nr. 114: Sårbar ungdom og longitudinell forsking. Av Jon Olav Myklebust. Møreforsking Volda og Høgskulen i Volda. 64 s.
Om rapporten:
Det er to hovudtema i denne arbeidsrapporten. For det første blir det gitt eit oversyn over nyare oppfølgingsundersøkingar om sårbare ungdomsgrupper. For det andre inneheld arbeidet ei drøfting av metodologiske utfordringar i longitudinell forsking.
I tidsrommet 2000-2003 gjennomfører Møreforsking Volda og Høgskulen i Volda eit forskingsprosjekt for Noregs forskingsråd: Vaksenliv på særvilkår? Vegen ut i samfunnet for elevar med særskild tilrettelegging i vidaregåande opplæring. Det er ei vidareføring av eit prosjekt finansiert av KUF i perioden 1995-2000: Reform 94 - særskilt tilrettelagd opplæring. Diskusjonen i denne rapporten er nært knytt til desse to forskingsprosjekta.


Rapportane er til sals hjå Haugen Bok og SfS Bok Volda.

Del på