Nye bøker i skriftserien til Ivar Aasen-instituttet

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

To av dei er nye utgjevingar, nr. 19 "Noregs Boklag - ei forlagssoge" av Aud Skipenes og nr. 20 "Spisse tenner i mjukt skinn. Hans Sande i ein nynorsk karnevalistisk tradisjon" av Bjørg Angvik. Dette er masteroppgåvene deira frå mastergraden i nynorsk skriftkultur ved Ivar Aasen-instituttet hausten 2004.

I tillegg har instituttet gjeve ut nr. 6 "Ivar Aasen's Logic of Nation. Toward a Philosophy of Culture" av J. Peter Burgess i ny redigert utgåve, og nr. 15 "Purt og reint. Om purisme i dei nordiske språka" av Helge Sandøy, Randi Brodersen og Endre Brunstad er trykt i 2. opplag. Desse to bøkene har vore utselde ei tid.

Bøkene kostar kr. 150,- pr. stk. pluss porto.

Les meir om dei nye utgjevingane og skriftserien elles på instituttet si heimeside

Tinging av bøker kan sendast Ivar Aasen-instituttet ved Roger Ole Rangsæter, e-post: ror@hivolda.no, tlf. 70 07 50 16.

Del på