Nye rapportar om Velferdsstatens ungdomsroller

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

"Velferdsstatens ungdomsroller. Statleg definerte – lokalt konstruerte" er ein forskingsrapport som kom frå Volda no på nyåret og er resultatet av eit prosjekt som Kåre Heggen, Alf Roger Djupvik og Gunnar Jørgensen har gjennomført for Forskingsrådet.

Prosjektet er ein del av Velferdsprogrammet i Forskingsrådet. Dette er eit av fleire prosjekt som forskingsmiljøet i Volda har teke del i under Velferdsprogrammet. I fjor arrangerte forskingsmiljøet og Kontor for etter- og vidareutdanning ved Høgskulen i Volda ein internasjonal konferanse med tittelen "Marginalization and Social Exclusion", der Kåre Heggen var leidde planleggingsgruppa.

Konferanserapporten ligg no føre. Denne inneheld hovudinnlegga frå ein internasjonal konferanse om velferdsforsking som Høgskulen i Volda og Møreforsking arrangerte i mai 2003 i Ålesund i samarbeid med Noregs Forskingsråd.
Sentrale internasjonale og nasjonale forskarar som Len Barton, Robert Salais, Johanna Wyn, Tor-Johan Ekeland, Kjersti Ericsson, Tone Fløtten, Gunhild Hagestad og Kåre Heggen tok del i konferansen.

Utgjeve i Volda:

Forskingsrapport nr. 53: Velferdsstatens ungdomsroller. Statleg definerte - lokalt konstruerte.
Av Kåre Heggen, Alf Roger Djupvik og Gunnar Jørgensen. 171 s. Møreforsking Volda.

Kåre Heggen, Randi Bergem, Reidun Høydal, Rune Kvalsund and Jon Olav Myklebust (eds.):
Marginalization and Social Exclusion. Conference Report.
125 s. Møreforsking Volda.

Les meir om rapportane

Del på