Nytt masterstudium for lærarar

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Saman med førsteamanuensane Kjell-Arild Madssen og Arne Kåre Topphol har han utvikla dette studiet, som no er godkjent av høgskulestyret. Haug utdjupar at den nye masteren gjer at høgskulen kan gi eit breiare utdanningstilbod på eit høgare nivå.
– Tidlegare har vi hatt Master i spesialpedagogikk for førskulelærarar og lærarar. Den nye masteren er ein revisjon og utviding av denne. No kan vi også tilby spesialisering innan skulefaga norsk og matematikk, fortel ein nøgd Haug.

16cbf6ae723d5c651a9d0662ca796a485f8257eb
NY MASTERGRAD: Frå hausten 2013 kan Høgskulen i Volda tilby ein splitter ny master: Master i undervisning og læring. (FOTO: Kib & Morits)

Stort behov
Behovet for lærarar med høg kompetanse i desse faga er stort.
– Spesialiseringane tek utgangspunkt i behova i grunnskulen og den kompetansen vi har ved høgskulen. Norsk og matematikk er dei to største skulefaga. Spesialpedagogikk er sentralt både i barnehagen, i alle fag i skulen og i skulekvardagen generelt, fortel han.

Fleire lærarar med mastergrad
Det er eit nasjonalt mål å auke talet på lærarar i grunnskulen som har mastergrad. Etablering av den utvida masteren er ein måte å sikre nødvendig kompetanse i grunnskulen på. Masteren kan takast både som ein del av grunnskulelærarutdanninga og som eit vidareutdanningstilbod til lærarar i grunnskulen og barnehagen.

Framleis fireårig
Stortinget held fast på at lærarutdanningane skal vere fireårige, men framhevar behovet for fagleg spesialisering og høg kompetanse hos lærarar. Studentar på grunnskulelærarutdanninga kan ta til på masteren i sitt fjerde studieår - under føresetnad av at tidlegare val har gitt nødvendig fordjuping.

Budd på framtida
Dei tre fagfolka har arbeidd lenge for å få på plass den nye masteren.
– Det har kome politiske signal om at lærarutdanninga skal bli femårig og krav om å ha ein mastergrad. Det er enno ikkje klart når ei slik innføring skjer, men no er høgskulen budd på å gi det studietilbodet som trengst framover. Det er eg svært glad for, seier Haug.

Del på