Nytt, nasjonalt historienettverk

Tekst: Line Lauvsnes Oddekalv

- Oppdatert

Historikarar skreiv historie då Utdanningshistorisk nettverk arrangerte sin første konferanse på Universitetet i Sørøst-Norge (USN). Høgskulen i Volda (HVO) var godt representert med fem deltakarar frå forskingsgruppa i Utdanningshistorie.

Konferansen markerte starten på etableringa av eit fagleg nasjonalt nettverk innanfor utdanningshistorie. - Det er strategisk viktig at HVO, med si historie og sin faglege profil, deltek aktivt i dette nettverket, fastslår deltakarane Elisabeth Teige, Marit Brekke, Harald Krøvel, Hilde Opsal og Bjørn Smestad


- Nyttig og tverrfagleg samarbeid

Tema for konferansen var Utdanningshistorisk forskning i Norge anno 2023. Totalt var der om lag 70 deltakarar frå mange høgskular og universitet i Noreg.

- Mange fagområde var representerte, noko som viser tydeleg at dette er tverrfagleg forsking, seier HVO-representantane.


Fleire innlegg frå HVO-representantar

Fleire av dei markerte seg også med innlegg på konferansen. Harald Krøvel sto for innlegget "Skulehaldaren – ein meklar i ei kultursone?", Elisabeth Teige snakka om "Skolehjemshistoriens historie", Hilde Opsal sitt tema var "Frå rekning til matematikk i barneskulen – fagleg endring eller berre «namnebytte»", medan Marit Brekke heldt to innlegg om høvesvis "Kvinnelege forfattarar i Nordahl Rolfsens Lesebok for folkeskolen (1892-1895) og "Andreas Austlids Lesebok for folkeskulen (1902-1906) i tidsrommet 1892-1932".

Plenumsforedraga vart helde av Johannes Westberg frå Rijksuniversiteit Groningen, Mette Buchards frå Aalborg universitet, Jenny Andersson frå Uppsala universitet og Lars Kirkebøen frå Statistisk sentralbyrå (SSB).


Viktig samarbeid

Deltakarane fortel om to inspirerande dagar: - Det var fint å sjå for oss som deltakarar i ei ny forskingsgruppe kva som rører seg ved dei andre UH-institusjonane. Vi ser fram til vidare samarbeid i åra som kjem!
 

Del på