Nytt reiskap gjer forsking enklare

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Den nye datatenesta microdata.no vil vere med på å forenkle forskingsarbeidet for masterstudentar og tilsette ved Høgskulen i Volda.

– Dette er gull verdt for forsking ved høgskulen, seier Ingvild Anita Krogh, rådgjevar i forskingsadministrasjonen ved Høgskulen i Volda (HVO).

Ho har tidlegare arbeidd for Norsk senter for forskingsdata (NSD), som saman med Statistisk sentralbyrå (SSB) står bak nyvinninga microdata.no. Det er ei teneste som gir ut data på individnivå om forhold som befolkning, utdanning, inntekt, arbeid og trygd.

Microdata.no gir tilgang til registerdata frå:

  • Folkeregisteret
  • Nasjonal utdanningsdatabase (NUDB)
  • Sjølvmeldingsregisteret
  • Arbeidsmarknadsdata
  • Forløpsdatabasen FD-Trygd

Venta i fleire år på data

Med strenge krav til personvern kan det vere både vanskeleg og tidkrevjande og få ut data på individnivå. Dataa denne tenesta leverer ut vil vere tilgjengeleg med anonymisering med ein gong.

– Forskarar har kunne venta i fleire år på å få ut data frå SSB på grunn av at dei har inneheldt personopplysningar. Gjennom microdata unngår ein dette problemet og kan få ut datamaterialet på dagen i staden for, forklarar Ola Teige, fungerande forskingssjef ved HVO.

Opnar nye dører for masterstudentar

Tidlegare har forskarar sendt inn meldeskjema til NSD for forskingsprosjekt, og det same med masterstudentar for sine prosjekt. Ved bruk av microdata unngår ein dette og sparar på den måten tid. Det gjer også at mindre prosjekt som elles ikkje ville hatt moglegheit til å nytte seg av registerdata, no får det.

Ein annan fordel for høgskulens masterstudentar er at dei vil få tilgang til meir enn tidlegare.

– Masterstudentar ville ikkje fått ut denne type data frå SSB utan å ha vore ein del av eit stort forskingsprosjekt. Ved å registrere ein brukar gjennom HVO på microdata vil dei no enkelt kunne få det. Som masterstudent har ein ofte ikkje så god tid på å hente inn data, difor kan denne tenesta vere til stor hjelp, meiner Krogh.

Enorme tal

Microdata.no inneheldt ifølge khrono.no ved lansering 23. mai opplysningar om 10.215.453 personar, alle som har eller har hatt fødselsnummer i Noreg sidan 1964.

— Målet er at microdata.no skal bli sjølve hovudplattforma for forsking på registerdata. På sikt kan løysinga også bli utvikla for bruk til andre formål enn forsking, seier Torstein Bye, direktør for person og sosialstatistikk i SSB, til khrono.no.

Krogh og Teige er sikre på at databasen vil fortsette å vokse i åra framover og bli eit viktig verktøy for HVO.

– Vi ser berre fordelar med dette og håper det vil vere til god hjelp for mange ved HVO.

Registrer deg som brukar

Avtalen Høgskulen i Volda har inngått med microdata.no gjer at ein som masterstudent, fagleg tilsett og stipendiat kan få ein personleg tilgang til verktøyet.

Ta kontakt med Ingvild Anita Krogh, rådgjevar i forskingsadministrasjonen, for å få tilgang til microdata.no. E-post: ingvild.anita.krogh@hivolda.no

Del på