Oda Heidi Bolstad har disputert ved UiA

Tekst: Geir Tangen

- Oppdatert

Oda Heidi Bolstad disputerte 25. november 2020 for ph.d.-graden ved UiA med avhandlinga: Teaching and learning for mathematical literacy.

Matematisk literacy handlar om å ha den naudsynte kompetansen til å møte dei matematiske utfordringane ein blir stilt overfor i det moderne samfunnet. Viktigheita av denne kompetansen blir mellom anna trekt fram av OECD, og i den norske konteksten kjenner me den som «rekning som grunnleggande ferdigheit».

I den norske læreplanen er dette ein kompetanse som skal utviklast på tvers av fag.

Kompetanse med fleire element
Matematisk literacy er ein kompetanse som inneheld fleire element. Ein skal kunne nytte matematikk i ulike kontekstar og situasjonar i dagleglivet, arbeidslivet og i samfunnslivet.

Då krevst det, for det fyrste, formell matematisk kunnskap. Ein treng også kompetanse i bruk av ulike verktøy, både fysiske og digitale. I tillegg er haldningar viktig. Ein må ha vilje og sjølvtillit til å engasjere seg i matematiske oppgåver. Til slutt må alt dette vere gjennomsyra av kritisk vurderingsevne. Ein må vite korleis matematikk kan nyttast i argumentasjon og avgjersler. Samstundes inneber det også å kritisk vurdere matematiske metodar og verktøy, og velje det som er føremålstenleg i ulike situasjonar.

På denne måten er matematisk literacy ein samansett og kompleks kompetanse.

Potensiale for betring
I denne studien har ein intervjua skuleleiarar, matematikklærarar og elevar i 9. klasse ved tre skular, samt observert matematikkundervisning ved desse skulane, med mål om å kunne seie noko om deira undervisning og læring for å utvikle matematisk literacy.

Resultata av studien viser at undervisning og læring for matematisk literacy har potensiale for betring.

Lærarane anerkjenner viktigheita av å utdanne elevar med matematisk literacy. Dei har også tankar om korleis dette kan gjerast.

Til dømes peikar dei på at praktisk aktivitet er viktig, i staden for arbeid med oppgåver i læreboka. Likevel er det arbeid med læreboka som dominerer i undervisninga. Dette kan tyde på at lærarane treng å utvikle strategiar for å implementere matematisk literacy-oppgåver i undervisninga si.

Lærebøkene dominerer
Sjølv om læreplanar og andre strategidokument inneheld skildringar av kva matematisk literacy og rekning som grunnleggande ferdigheit er, fokuserer desse skildringane på kva ein kan når ein har denne kompetansen. Dei seier lite om korleis ein kan oppnå den.

Dette kan vere noko av grunnen til at lærebøkene ofte dominerer i undervisninga.

Forståing av kompetansen
I tillegg blir verkelegheitsnære kontekstar i matematikkundervisninga vektlagt, både av skuleleiarar, lærarar, elevar og i læreplandokument.

Dette kan i somme tilfelle overskygge andre viktige element som utgjer matematisk literacy. Slik kan forståinga av denne kompetansen bli snevra inn til å berre dreie seg om matematikk i ein kontekst.

Dette er problematisk fordi mykje av innhaldet i matematikkfaget nettopp er abstrakt og kan vere vanskeleg å relatere til ein situasjon frå verkelegheita.

Difor er det eit viktig poeng at matematisk literacy også kan utviklast gjennom arbeid med abstrakt matematikk, til dømes gjennom kritisk diskusjon av matematiske framgangsmåtar og verktøy.

Lærarar med for snever forståing
I avhandlinga viser ein også til tidlegare forsking som peikar på at deltaking i eit profesjonelt fellesskap der lærarar sjølv utviklar matematisk literacy-oppgåver, har stor betydning for deira forståing av og undervisning for matematisk literacy.

Dette kan tyde på at overdriven bruk av læreboka er med på å skape ei snever forståing av matematisk literacy.

For å bygge ei vid forståing av denne kompetansen må ein sjølv ta del i å utvikle, implementere og revidere matematisk literacy-oppgåver. Då er ein betre rusta til å utdanne elevar for framtida.

Bolstad er tilsett ved Institutt for realfag, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, Høgskulen i Volda.

På heimesida til UiA finn du meir informasjon om disputasen og avhandlinga til Bolstad.

 

Tekst: Oda Heidi Bolstad. Publisert av: Geir Tangen

Del på