Olsen Eikrem disputerer for dr. polit i engelsk

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Undertittel på avhandlinga er ”Teaching English as a foreign language in the 21st. century: Perceptions, attitudes, dilemmas, types of talk and educational needs.”

Studerer engelsklærarar
Avhandlinga rettar merksemda mot didaktikkfeltet og engelskundervisninga i den norske grunnskulen. Gjennom ein studie av ei gruppe engelsklærarar – sett i lys av Læreplanverket for den 10-årige grunnskolen (L97) –  set avhandlinga fokus på følgjande:
- For det første, kva slags oppfatningar har lærarane av engelskundervisning, og kva haldningar har dei til læring i faget?
- For det andre, kva slags dilemma inneber desse oppfatningane og haldingane for lærarane, og korleis snakkar dei saman om det å undervise i faget?

Avhandlinga søkjer å få fram eit klarare bilete av engelskundervisninga og å sjå med kritiske, men konstruktive auge på det biletet som teiknar seg. Moglege konsekvensar for lærarane si utdanning og etterutdanning innafor engelskfaget står sentralt.

Datamaterialet i studien er henta frå gruppeintervju med engelsklærarar. Analysen baserer seg på sosialkonstruksjonistisk teori og nyttar analysereiskapar frå diskurspsykologien og omgrep frå Neil Mercer (2000) sin teori om ulike måtar å kommunisere på. Ulike oppfatningar om det å undervise i faget kjem fram: engelskundervisning som eit tradisjonelt ritual med røter i grammatikk-omsetjingsmetoden; engelskundervisning som eit ‘papegøye’-ritual med røter i den audiolinguale metoden; engelskundervisning som eit lærebok-orientert ritual; engelskundervisning som kreativ nyskaping.

Meir enn halvparten av lærarane har ei tradisjonell oppfatning av engelskundervisning som inneber ei av dei tre førstnemnde oppfatningane, medan andre lærarar oppfattar engelskundervisning som ei moderne verksemd, som kreativ nyskaping.

Det kjem med andre ord fram to typar haldningar til læring i faget: Medan nokre lærarar ser på læring som overføring av kunnskap og etablerer seg som leverandørar av kunnskap, dirigentar av kunnskap eller regissørar av kunnskap, formidlar andre eit syn på læring som konstruksjon av kunnskap og etablerer seg i ein igangsetjar-/tilretteleggjarposisjon i høve til læring. Lærarar flyttar seg óg tidvis frå ein posisjon til ein annan.

Ein gjensidig støttande og heller ukritisk måte å snakke saman på, pregar ein stor del av datamaterialet. Den kritiske, men konstruktive praten der lærarane utfordrar kvarandre finst, men den er meir sjeldan. Med tanke på dei dilemma lærarane opplever, som gir seg utslag i ei reservert halding til det å vera kritisk, ei slags forståing av at det finst andre tilnærmingar til faget og i tillegg ein motvilje mot å gi frå seg kontroll, kan dette innebere status quo for undervisninga i faget.

Etterlyser etterutdanning for engelsklærarane
Det er tre ulike typar faktorar som ser ut til å ha innverknad på det biletet av engelskundervisning som kjem fram: nokre relaterer seg til utdanningsbakgrunn, nokre til status/verdsetjing og andre til sider ved engelsklærarkulturen.
Det er ein tankevekkjar i høve til metodefridomen i den nye læreplanen og dei andre utfordringane planen byr på, at så mange engelsklærarar ikkje har formell utdanning og at mange av lærarane vegrar seg for den kritiske, men konstruktive praten. Dei fleste signaliserer eit stort behov for etterutdanning i faget sitt, og studien peikar på fleire viktige grep som bør takast på dette feltet.

Les meir om Bjørn Olsen Eikrem
Les meir om prøveforelesingane og disputasen ved Universitetet i Oslo

Del på