Ønskjer velkomen til Forskingsdagane 2013

Tekst: Tone Solhaug

- Oppdatert

3f8a555e556b6ef07a7524dc5ed78a633f0d1c01
 Koordinator for Forskingsdagane 2013, Geir Tangen, ønskjer alle hjarteleg velkomne til årets arrangement.

Forskingsdagane er ein nasjonal, årleg festival som dei siste åra har hatt meir enn 1.000 arrangement over heile landet, og vert i år arrangert for 19. gong. Det er Noregs forskingsråd i samarbeid med universitet, høgskular, forskingsinstitutt, bibliotek, museum, kommunar og næringsliv som står bak arrangementet.

Variert program
Kvart år blir det utforma eit overordna tema og slagord for Forskingsdagane på nasjonalt plan.

– I år er det nasjonale temaet «Hav og vatn» og vi har nokre arrangement som er knytt opp til dette. Elles speglar programmet både Språkåret 2013, Edvard Munch sitt 150-årsjubileum og Stemmerettsjubileet 1913-2013. Vi håper publikum vil setje pris på programmet i år, og at dei synast det er både variert og attraktivt, fortel Geir Tangen, som er koordinator for Forskingsdagane 2013 ved Høgskulen i Volda. 

Under Forskingsdagane 2013 har ein høve til å ta del på arrangement både på dagtid og på kveldstid, og høgskulen har arrangement både på og utanfor høgskuleområdet. I tillegg er det i år arrangement både i Ørsta og i Ulsteinvik.

– Det har blitt ein tradisjon under Forskingsdagane at masterstudentar frå ulike utdanningar får høve til å presentere masteroppgåvene sine. I år vil studentar frå masterutdanningane i nynorsk skriftkultur, spesialpedagogikk, helse- og sosialfag og samfunnsplanlegging og leiing presentere ulike tema.

Ønskjer å gje noko tilbake
Høgskulen i Volda får mykje frå samfunnet, og gjennom Forskingsdagane ønskjer høgskulen å gje noko tilbake. Alle arrangementa under Forskingsdagane 2013 er gratis og opne for alle.
– Vi vil gjerne rette ein stor takk til dei ulike lokale og regionale samarbeidspartnarane våre. Samstundes vil vi ønskje bygdefolk og andre hjarteleg velkomne til Forskingsdagane 2013!

Du kan lese meir om programmet på www.hivolda.no/forskingsdagane

Del på