Opning av meirope bibliotek på HVO

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Onsdag 21. november var det offisiell opning av meirope bibliotek på HVO. Det første meiropne biblioteket i Noreg opna i september 2013 i Stavern, og dei siste åra har stadig fleire folkebibliotek og bibliotek i universitet og høgskular begynt med meirope.

− HVO-biblioteket begynte med meirope 1. november kl. 07.00, og dette vil seie at tilsette og studentar har tilgang til biblioteket med student- eller tilsettkort også når bibliotekskranken er ubemanna, sa fungerande bibliotekleiar Kirsti Langstøyl, då ho ønskte studentar og tilsette velkomne til opninga.

Fungerande bibliotekleiar Kirsti Langstøyl helsar publikum velkomne til opninga.

Mellom klokka 07.00 −24.00 måndag til og med søndag kan ein gå inn og ut av biblioteket som ein vil, og det er mogeleg å hente reserverte bøker og låne på utlånsautomaten. Dette er eit viktig og positivt tiltak for å auke studiekvalitet og trivsel for studentane, og det gir ein meir fleksibel studiekvardag når dei ikkje er avhengige av at dei som jobbar i biblioteket er til stades for å låse opp døra.

− Studentane på HVO har i fleire år hatt eit ønske om at biblioteket skulle vere ope også på søndagar, og difor var det no på tide å prøve ut dette. Biblioteket vil særleg takke leiinga på høgskulen ved direktør Karen Lomeland Jacobsen, som gav oss pengar til prosjektet, avslutta Langstøyl. Ho gav så ordet vidare til prorektor Jens Standal Groven og leiar for Studentparlamentet Simen Jester Langeland, som også fekk æra av å gjennomføre snorklippinga. Etterpå var det gratis sjokladekake, bokstavkjeks og twist til alle frammøtte.

 

Tekst: Kirsti Langstøyl

Fotograf alle bileta: Silje Eikrem Færøy

Del på