Oppstart i Forum for livsløpsforsking

Tekst: Geir Tangen

- Oppdatert

I dette undervisningsåret er det planlagt fem møte. Det første kjem 1. oktober kl. 13.15 - 14.30 i  A-paviljongen (ved Aasen-huset).

Professor Rune Kvalsund vil først orientere om Forum for livsløpsforsking. Deretter blir det innlegg ved to livsløpsforskarar:

Jon Olav Myklebust og Vidar Myklebust: Livsløp i utakt

Ein sentral tese i livsløpsteori er at det kan vere problematisk med normativt avvikande overgangar, for eksempel i utdanning og familieetablering. Med utgangspunkt i longitudinell forsking diskuterer Jon Olav Myklebust (professor i sosiologi) og Vidar Myklebust (førstelektor i psykologi) korleis slik livsløpsutakt kan influere trygderisiko sist i 20-årsalderen og psykisk helse midt i 30-åra.

Nyttige referansar finn ein i Jon Olav Myklebust: Livsløp i utakt. Trygderisiko blant menneske som har hatt særskild tilrettelegging i vidaregåande opplæring. Spesialpedagogikk. Nr 3, 2014. http://www.spesialpedagogikk.no/upload/Tidsskrifter/Spesialpedagogikk/2014-%203%20Myklebust.pdf

Del på