Ord og uttrykk i norsk radiojournalistikk

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Jon Peder Vestad:
Arbeidsrapport nr. 59: Ord og uttrykk i norsk radiojournalistikk
Haugen Bok i Volda. Tlf: 70 07 45 00 Faks: 70 07 45 50. E-post: ekspress@haugenbok.no

Vil du vite kva cue, intro og utro er for noko? Desse radiouttrykka er
forklart i dette heftet, saman med over 1150 andre oppslagsord som folk i mediebransjen kan ha bruk for. Hovudmengda er uttrykk knytt til
radiomediet, ord som har med radiojournalistikk, programleiing, musikkbruk og ny og gammal radioteknologi å gjere. Mange av uttrykka er nytta avournalistar som arbeider i fjernsyn, avis eller på internett.
Ordsamlinga har to føremål. For det første skal ho forklare uttrykk som
blir brukt i radioarbeid, og for det andre skal ordsamlinga dokumentere
fagspråk knytt til radiomediet. Somme av oppslagsorda er standardiserte
faguttrykk, ofte med ei litt anna tyding enn elles i norsk, medan andre er
meir uhøgtidelege omgrep som blir brukt i ulike radiomiljø.
Ord og uttrykk i norsk radiojournalistikk inneheld tre tilleggslister. Den
eine tek for seg organisasjonar og institusjonar i medieverda, den andre
anna radioverksemd enn vanleg kringkasting, som amatør- og piratradio og
dx-ing. 130 faguttrykk frå ulike delar av norsk medieverd er forklart sist
i heftet, mange av desse er omgrep som er grunnleggjande i journalistikken.



vestad


Jon Peder Vestad er cand.philol. med radiojournalistikk i fagkretsen, og
han har arbeidd fleire år i NRK radio. I 1995 vart han tilsett ved
Høgskulen i Volda som lektor i mediespråk på Avdeling for mediefag.

Del på