Orning fekk professorkompetanse i eldre historie

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Tekst: FoU-leiar, Reidun Høydal

ec6f4805f6f20702a67cb727d60dc0c74a637ea6
Professor i eldre historie, Hans Jacob Orning, visste han ville drive med historie etter at han tok grunnfag i 1988. Her med boka "Gaver, ritualer, konflikter". (foto: Helle Nærø)

Hans Jacob Orning har ein omfattande vitskapleg produksjon bak seg, og har i følgje kommisjonen levert viktige tilskot om ulike emne til norsk politisk historie og kulturhistorie i middelalderen. Mellom dei sentrale arbeida til Orning er sjølvsagt doktoravhandlinga, som vart utgitt på det velrenommerte forlaget Brill i 2008: Unpredictability and Presence. Norwegian Kingship in the High Middle Ages. Det andre faglege tyngdepunktet er knytt til studiar av sagalitteratur frå seinmiddelalderen. Her har Orning vore med i eit stort tverrfagleg forskingsprosjekt gjennom mange år, som for hans del skal munne ut i ein monografi med den spennande arbeidstittelen The Reality of the Fantastic. The Magical, Geopolitical and Social Universe of Late Medieval Saga Manuscripts. Orning er elles knytt til eit nordisk nettverk av framståande middelalderhistorikarar som mellom anna har arbeidd med rettsantropologiske perspektiv på nordisk middelalderhistorie.

Kommisjonen omtalar Orning som teoretisk godt skolert med ein original fagprofil, og den nye professoren uttalar sjølv at han er tverrfagleg orientert og inspirert av antropologi, litteraturvitskap og kulturhistorie. Han meiner middelalderen har eit stort potensial for å vekkje historieinteressa til unge menneske i dag. Det at alt var så annleis då, kan gjere middelalderhistorie til ein laboratorium for undring og refleksjon - også over kva vil det seie å vere menneske under heilt andre livsvilkår enn dei vi har i dag.

Orning er i det heile ein svært engasjert og utadvendt historikar som set stor pris på å undervise og formidle historie. Han har skrive lærebok for vidaregåande skule og er fagleg redaktør og ein av fire forfattarar av det nyskapande noregshistorieverket  Norvegr – Norges historie i fire bind, som vert gitt ut til hausten.

Del på