Posterpris til inspirasjon

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Inger Hilde Hagen, intensivsjukepleiar ved Neonatal intensiv avdeling på Ålesund sjukehus, var ferdig som mastergradsstudent i desember 2008. I masteroppgåva skreiv ho om foreldre til premature barn og korleis dei opplever tida rundt fødselen.

 - Posteren var frå masteroppgåva mi. Det vart lagt vekt på det visuelle, og at posteren var oversiktleg. Eg fekk tilbakemelding om at innhaldet formidla eit godt prosjekt, og at eg hadde fått med det vesentlige for eit forskingsprosjekt med få ord. Posteren viser også at kvalitativ forsking er viktig innanfor det medisinske feltet, og at forsking på mastergradsnivå må fram i lyset, seier Inger Hilde. (Sjå posteren nedanfor).

Positiv kultur for fagutvikling
I masteroppgåva har ho  intervjua åtte foreldrepar om korleis dei har meistra kvardagen rundt det å opphalde seg på ei neonatal avdeling. Ho nytta denne informasjonen saman med meistring/livsløpsteori. 

- Ved Neonatal intensiv avdeling har vi ein positiv kultur for fagutvikling, og posterprisen gir heilt klart inspirasjon til å halde fram med nye prosjekt. Vi er ei gruppe sjukepleiarar, som i team med seksjonsoverlegen, arbeider med å evaluere effekten av eit intervensjonsprogram som skal innførast i avdelinga. Det er ein spennande kvardag, seier Inger Hilde.

Frå 1. august skal ho ha 80 prosent permisjon frå stillinga som intensivsjukepleiar, for å arbeide som høgskulelektor ved Høgskolen i Ålesund.
- Eg gler meg også til å bruke mastergradskompetansen til undervisning. Dei resterande 20 prosent skal eg arbeide ved neonatal intensiv avdeling, avsluttar ho.


cf04eaabb3137318c5de9997f7ff783a145d63b4


Del på