Pris til aktivt forskingsmiljø

Tekst: Webmaster Volda

– Gratulerer med velfortent pris, sa rektor Per Halse då han overrekte Forskings- og utviklingsprisen til dei tilsette ved Historisk institutt. Det er femte gong prisen blir delt ut, og det er fyrste gong den går til eit heilt fagmiljø.
Dei tilsette ved Historisk institutt har spelt sentrale roller i å førebu og formidle forsking, både lokalt, regionalt og etter kvart også nasjonalt og internasjonalt. 

36bf026fbb2e5b22a379ef5d991a5de94d2a60d9
VIKTIGE FORMIDLING AV FORSKING: Dei tilsette ved Historisk institutt mottok Forskings- og utviklingsprisen denne veka.
(Foto: Bente Gunn Lien)

Fordel for studentane
Professor Atle Døssland takka for prisen på vegne av kollegiet, og han understreka at også studentane har utbytte av forskingsaktiviteten.
- Undervisning til studentane er ikkje ofra på forskinga sitt alter. Den store aktiviteten innan forsking har heller gitt miljøet vårt ein ekstra dimensjon, sa professoren og sikta til at tilsette ved høgskulen reiser ut og tileignar seg ny kunnskap, samtidig som det kjem stipendiatar til Volda.

I grunngjevinga frå Høgskulestyret står det blant anna:
«Gjennom oppdragsforsking og frie forskingsmidlar har instituttet tilført høgskulen vesentlege ressursar. Det gjeld arbeid for offentlege oppdragsgjevarar, fylkeshistorie og lokalhistorie, og det gjeld institusjonshistorie og historie knytt til regional utvikling og næringsliv.
Mest omfattande er det strategiske høgskuleprosjektet Kulturperspektiv på møte mellom bønder og embetsmenn.
Av eksternt finansierte prosjekt dei siste ti åra er det også naturleg å nemne historia om havfiskeflåten, bygdebokarbeid, bidrag til Vestlandshistoria, arbeidet som no er i gang med Norges fiskeri- og kysthistorie, og den nye Norgeshistoria som kjem til hausten.
Arbeid som er finansierte gjennom interne FoU-midlar femner vidt, frå middelalderhistorie til nyare internasjonal politikk, frå metodespørsmål lokal-historisk arbeid til spørsmål om lokal og nasjonal identitet, afrikansk slaveri, velferds- og misjonsarbeid, kulturmøte og kvinneperspektiv.»

Del på