Prisvinnar i humanistisk tradisjon

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Schultes fagfelt er nordisk språkvitskap med vekt på norrønt og vestnordiske språk og kultur. Han har ein svært omfattande fagleg produksjon med ei rad artiklar på høgt internasjonalt nivå. Han er ein aktiv og engasjert forskar som er sentral i oppbygginga av eit miljø kring språkhistorie, skriftkultur og literacy-forsking både i Noreg og Skandinavia.

Dekan ved avdelinga, Rakel Christina Granaas, la i sin introduksjon av prisvinnaren særleg vekt på hans evne til å setje tilsynelatande smale forskingtema inn i større samanhengar. Schulte har ei tilnærming i forskinga si som gjer problemstillingane relevante for større felt, slik at spørsmål av generell interesse vert løfta fram og drøfta.

Etter at rektor hadde overrekt prisen, kvitterte Schulte med ei spenstig takketale som på tankevekkjande vis følgde opp dekanens innleiing. Først og fremst markerte Schulte si eiga forankring i ein rik og brei humanistisk tradisjon.

Han trekte han fram to av sine store intellektuelle førebilete: Alexander von Humboldt og Johann Wolfgang von Goethe, som begge var store humanistar. Dei var på ulike vis opptekne av at forsking må vere ein del av den frie tanken, ei oppfatning også Schulte slutta seg til: "Som Goethe og Humboldt ser jeg på forskning som en del av den frie tanke - det å våge teorier og å bygge broer i en verden i stadig forandring".

45c05f848c1a5cb23fc17a37d9d26fb80fcb5b18

                 
Takketalen kan du lese her (pdf)

 05a832edd6427516b552673ab866215cf4382b7a dead083c096d8d96f869e817a974cd284fdb45e192038353294deb097e475f0850d385641484145d
Øystein Salhus og Elizabeth Oftedal, begge tilsette på Avdeling for kulturfag, innleia med vakker musikk.
Dekan Rakel Christina Granaas.                       
Rektor Jørgen Amdam og Michael Schulte med FoU-prisen.

Fleire bilete frå arrangementet:

 
 f0dfa3e10cce2c08e5d0cae54a4d8715e208db3f 8868733ae8d031ab53410c3979df6a4814e67c20
Publikumsglimt

Del på