Produksjonsrekord på doktorfabrikken

Tekst: Johann Roppen

- Oppdatert

Av dei sju nye doktorane er seks tilsette ved Høgskulen i Volda og ei er tilsett ved Universitet i Agder, men har tidlegare vore tilsett som doktorgradsstipendiat ved Høgskulen i Volda. Alle dei fire avdelingane ved Høgskulen i Volda er representert blant dei  som doktorerte i 2013.

Liste over doktordisputasar ved HVO i 2013.

Det kunne faktisk vorte endå fleire disputasar i Volda i 2013. Ei avhandling er godkjent, men på grunn av stramt program for professorane i kommisjonen rakk dei ikkje å gjennomføre disputasen før i 2014. I tillegg har ei anna avhandling også vorte godkjent og disputas er sett opp våren 2014 i tillegg til at fleire doktorgradsprosjekt er i sluttfasen eller er inne til vurdering hos kommisjonane.  

Fire av dei sju Volda-disputasane i 2013 gjekk ved NTNU i Trondheim, to ved Universitetet i Oslo og ein ved Universitet i Agder.

Høgskulen i Volda har i lag med Høgskulen i Molde inne søknad om å starte eiga doktorgradsutdanning innanfor helse- og sosialfag. Om godkjenningsorganet NOKUT godkjenner planane og høgskulane finn midlar til studiet kan den første disputasen i HVO-regi kanskje kome rundt år 2020.

Langsiktig kompetansebygging

Høgskulen i Volda har dei siste åra hatt ca 30 tilsette som arbeider med doktorgradsprosjekt, enten som stipendiatar eller innanfor stillingar ved høgskulen. Dei som blir tilsett som stipendiatar får til vanleg fire år på å gjennomføre sin doktograd, men det er få som er så effektive at dei blir ferdige på så kort tid. Høgskulen har som ambisjon at innan 2015 skal over halvparten av dei ca 200 fagleg tilsette ved Høgskulen i Volda ha doktorgrad eller tilsvarande kompetanse. Det vil i så fall vere ei dobling på 20 år.

Alle doktorgradsprosjekt ved Høgskulen i Volda.

I 2013 lyste høgskulen ut 8 doktorgradsstipend og fekk ca 30 søkjarar. I desse dagar får dei første stipendiatane tilbod om stilling som doktorgradsstipendiat ved Høgskulen i Volda, og dei første disputasane i denne pulja av tilsettingar kan altså ventast i 2018-2019.  

For høgskular og universitet er det avgjerande å heile tida heve kompetansen på dei tilsette – både for å halde tritt med utviklinga i forskingsverda, men også for å kunne gi studentar oppdatert undervisning og å kunne konkurrere om forskingsmidlar på nasjonale og internasjonale arenaer. Høgskulen i Volda har tradisjon for å ligge høgt på lister over forskingspublisering, og dette heng nært i hop med høg kompetanse blant dei fagleg tilsette.

Disputasane i 2013

  • Phd Bjørg Nesje Nybø, AHL, norsk, disputerte ved Universitetet i Oslo
  • Phd Bente Hasle, ASH, sosialfag, disputerte ved NTNU
  • Phd Sverre Kjetil Rød, AMF, disputerte ved NTNU
  • Phd Harald E. Tafjord, ASH, disputerte ved Universitetet i Oslo
  • Phd Hilde Opsal, AHL, disputerte ved Universitetet i Agder
  • Phd Marit Ulvund, AKF, drama, disputerte ved NTNU
  • Phd Pål Aam, AMF, disputerte ved NTNU

Del på