Professor i KRLE

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Per Halse ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning har fått opprykk til professor. Halse tok til som høgskulelektor ved Volda Lærarhøgskule i 1991. Ved sida av undervisning og forsking har han gjennom åra hatt fleire leiarverv både i og utanfor høgskulemiljøet.

Hovdebygdingen Halse er teolog med tilleggsutdanning i historie og pedagogikk. Fagleg har han arbeidd mest med bibelkunnskap og kristendomshistorie. Særleg kompetanse har han utvikla i norsk skule- og kyrkjehistorie. Spørsmål omkring språk, religion og undervisning er sentrale i mykje av det Halse har publisert.

Professor-kommisjonen som vurderte kompetansen la vekt på den store innsatsen i både forsking, formidling og fagleg administrasjon. Doktoravhandlinga frå 2009 om framveksten av nynorsk kyrkjespråk vert karakterisert som «solid vitskapleg arbeid med primærkjelder». Biografien om Peter Hognestad frå 2016 er også eit fagleg pionerarbeid som samstundes er skrive for ei breiare målgruppe.

Rundt årtusen-skiftet laga Halse to lærebøker for høgare utdanning, og han har gjennom åra publisert ei mengde artiklar i aviser, tidsskrift og det nynorske nettleksikonet Allkunne. Attåt undervisningsoppgåvene og mange offentlege føredrag dokumenterer publikasjonane ifølgje den sakkunnige kommisjonen «framståande formidlingsevner».

Per Halse var rektor ved Høgskulen i Volda frå 2011 til 2015, og for tida leier han Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag. Professorkompetansen har han fått i «Kristendomskunnskap, religion, livssyn og etikk» (KRLE).

Interesserte kan studere CV og publikasjonsliste i tilsett-profilen på nettsidene åt Høgskulen i Volda:

Del på