Professor med slagord ”språkhistorie nedanfrå”

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

b86fb5815f69fe2720630d5cfb45ef39c5260731

– Eg vart verkeleg oppteken av norrønt og vestnordiske språk og kultur då eg hadde eit opphald i Island medan eg tok mastergraden min i Nordisk filologi og språkvitskap ved Universitetet i Bonn i Tyskland.
Som forskingsassistent reiste Michael til Háskóli Íslands i Reykavik og fekk lære norrønt, islandsk og ikkje minst å lese og skrive runer. Det var på denne tida eg begynte å stille meg spørsmål om vår språklege og kulturelle fortid.

Runologi

– Eg underviser på 100- og 200-emner i norskstudiet her ved Høgskulen i Volda, men hovudfokuset i forskinga ligg på runologi og språkhistorie, fortel Schulte. Eg har lenge vore oppteken av korleis ein kan knekke koden til gamle skriftsystem som Maya-skrift, Linear B eller lønnruner for den slags skuld.
I tillegg er eg oppteken av meir metodiske fag som skriftlingvistikk, historisk lingvistikk og historisk sosiolingvistikk. For tida svingar eg inn i komparativ «literacy»-forskninga, alså forskninga om skriftkompetanse til forskjellige tider, fortel Schulte. Poenget er at vestlig literacy-forsking i liten grad anerkjenner andre paradigmar, for eksempel vedisk-indisk kultur som baserer seg på resitasjon og munnleg foredrag.


Schulte har publisert ei lang rekkje vitskaplege artiklar i internasjonale tidsskrift og er knytt til fleire nasjonale og internasjonale prosjekt. Dessutan er han medredaktør i tidsskriftet NOWELE : North-Western European Language Evolution (Odense University Press).

– For tida arbeider eg med to delprosjekt: ei runebok «Å skrive i runer» som kastar lys på runisk skriftkultur, og eit diakront prosjekt «En ny norsk språkhistorie: norsk vikingtid (700–1050)», som er kopla til eit nytt språkhistorieprosjekt ved Universitetet i Bergen.

Schulte er også med i styringsgruppa til dette internasjonale prosjektet med UiB som initiativtaker. Dette skal resultere i ein stor antologi på fire bind som avløyser Gustav Indrebøs Norsk målsoga. Det nye er at heile det norske språkmiljøet skal bidra til dette store verket. Sjølv forfektar eg ei «språkhistorie nedanfrå» som forlet fugleperspektivet ved å sikte på grasrotplanet.

Siden eg disputerte i 1997 ved Universitetet i Bonn i Tyskland, har eg blitt meir og meir opptatt av å sjå språk i skriftkulturelle og samfunnsmessige samanhengar. Dette viser bl.a. mine stilistiske undersøkingar av eldre runeinnskrifter. Etter mitt skjønn må vi nedtone våre forventningar når det gjeld høgstatustrekk og versemål i runeinnskrifter for eksempel.

For øvrig skal eg reise til Stockholm i neste veke. Eg blei invitert til å holde ei gjesteforelesning om ei av gåtene i språkhistoria – overgangen frå den eldre til den yngre runerekka (futhark).

Del på